18.mai

I dag har eg blitt teikna av fire- og- eit -halvt-åringen min. Eg synest at resultatet vart sjarmerande. Ho har fått med brillene, blå kjole og blå strømpebukse heilt i samsvar med dagens antrekk. Eg spurde om eg kunne få sko for å sjå om eg kunne få til ein bøy på foten nederst. Då såg ho oppgitt på meg og sa «Nei, mommor. Du he jo ikkje sko på dæg nå!». Det hadde ho heilt rett i, så det var ikkje meir å diskutera… Eg synest det med teikneutvikling er så spennande. Det er og veldig spennande å filosofera i lag med relativt små barn og prøva å leita seg fram til korleis verda sånn omtrent ser ut for dei.
I dag var det min og Hilde sin tur til å ha sundagsskule i kyrkja. Eg førebudde meg på eit drama-opplegg i går kveld, men var så trøytt då at eg sette vekkarklokka på litt ekstra tidleg for å kunna gjera litt meir med det i dag. Teksten var Tomas som sa han måtte sjå før han kunne tru. Då eg sykla til kyrkja var det deilig sommarvarme, og eg tenkte at dette var nok ein dag mange tok det med ro etter syttande mai og kanskje heller la ut på tur enn å gå i kyrkja. Det kjende eg at eg hadde stor forståing for. Eg lurde på om det kom til å koma fleire barn enn mine eigne to som eg hadde avtalt skulle vera med. Me ende opp med ein liten gjeng på sju- åtte barn. Synnøve og Inger har sydd opp ei stor samling kjortlar og anna tøy og utstyr til dramatisering i kyrkja. Dei lagar så fine ting, så det å gjera klar det ein treng til litt dramatisering er ein rein fryd.
Nå har eg skrive ferdig manus til sjuandeklasseforestillinga, men eg må drøfta det og prøva det ut med involverte kolleger og barna som skal vera med. Elles har eg hatt besøk av dei to herverande mormorjentene, me har teikna og prata og laga vaflar. Den eldste klarer å laga røra nesten heilt aleine med litt muntleg assistanse og ei lita ekstra røring for å få ho klumpfri før steiking. Dei fekk og lov til å dela ein rabarbrastilk til dypping i ei skål med sukker. Det er sikkert heilt forkasteleg med hensyn til både tannhelsa og anna helse, men det er ein liten smak av ein barnekultur eg sjølv vaks opp med.
Eg let meg ikkje bare imponera over at yngstejenta har begynt å prøva seg som portrett- teiknar. Eg let meg og imponera høgt av at eldstejenta på sju har lært å slå hjul. Det har eg aldri i heile mitt liv vore i nærleiken av å få til. Eg var jenta som aldri fekk heilt taket på sjonglering og treffsikker ballkasting. Eg lærte aldri å hoppa tau med kryssa armar eller baklengs på ein fot. Ikkje at eg tok det som noko stort nederlag, eg trur bare eg aksepterte at det fekk eg ikkje til. Men altså, eg er lett å imponera med fysiske finessar, spesielt når det gjeld menneske med ein viss porsjon av dei same genene som meg… Og når ein er mormor kan ein kanskje tillata seg å skryta litt uhemma av barnebarna. Me vaks jo opp i ein generasjon der barn ikkje skulle skrytast av. Nå må me kanskje passa oss litt for den andre grøfta slik at dei ikkje trur dei er elska og respektert fordi dei er så flinke, men rett og slett fordi dei er…
Heidi