Om blomar og brød

Etter å ha sett på dagsrevyen om desse forferdelege krigane som nesten ser ut til å vera utan ende, kjennest det rett å skriva eit innlegg om blomar og brød.
Brødet over er levert i rein godleik. Min kjære kollega Kari sende ei melding der ho antyda at ho snart kom til å ringa på døra for å levera eit brød. Det same gjorde ho på bursdagen min, og sidan både ho og Leif for tida er ihuga surdeigsbrødbakarar, har dei diskutert framgangsmåtar og oppskrifter. No hadde ho prøvd ut ein litt ny variant, og ville dela resultatet med oss. I likheit med min kjære mann har Kari det med å gjera ting skikkeleg og med stor energi. Eg veit at ho baker mange gonger så mange brød som dei et opp og driv gjevarteneste på brød i stor stil. Eit eksempel til etterfylgjing for fleire av oss. Legg merke til at det er merka med ICHTYS- fisken som er eit Kristusmonogram. Før ho gjekk sprang Leif ned i kjellaren og fann fram ein kakeboks det stod Merry Christmas på. Den fekk ho med seg heim fyld med hans andre bakepasjon: løvtynne, sprø, heimebakte knekkebrød. Eg liker den formen for deling.
Til bursdagen min fekk eg fleire gavar frå Gjenbruken. Slikt kan eg og lika. Kanskje me rett og slett har begynt å fjerna oss litt frå bruk-og-kast-kulturen. I tillegg fekk eg heimeplukka blomar og gavekort som skal vekslast inn i middagar og teaterbesøk. Det er mykje å gleda seg til.

Far hadde vore i hagen og plukka liljekonvall til meg. Ein nydeleg gave til bryllaupsdagen, sidan brudebuketten min bestod av sjølvplukka liljekonvall. Eigentleg skulle eg hatt sjølvplukka syrinar i skarlagensraudt, fiolett og kvitt, men det var ein litt sein vår i 1985, så dei var ikkje utsprungne. Eg trur framleis det hadde vore veldig fint viss det hadde blitt ein syrinbukett, men liljekonvall var plan B. Dessverre var eg som ofte elles tidsoptimist den dagen, så då eg stod i bestemor sin hage i brudekjole og plukka liljekonvall, nærma vielsen seg med stormskritt. Brudgommen begynte så smått å få panikk, og foreslo at me fekk klara oss utan brudebukett.
Den slags ville ikkje brura, kanskje me kan kalla henne Elvira Huskestuen, vita noko av. Ho plukka ufortrødent vidare og prøvde å ikkje la hælane på dei snøkvite skoa synka alt for langt ned i molda. Då stod plutseleg brudgommen der med eit kjekspapir frå ein pakke Mariekjeks og kom oppskjørta med fylgjande legendariske kommentar: Jammen, så røsk med deg noen, da, Heidi».
Merkeleg nok hadde eg kjøpt ein slags buketthaldar i kvit plast der blomane kunne setjast inn i små rom slik at dei stod i vatn. Min kjære forlovar Sissel fekk sitja i baksetet på folkevogna og laga buketten på veg til kyrkja. Eg trur ho vart litt bilsjuk, men ho klarte jobben med glans.
Me nådde vielsen. Leif og Sissel nådde til og med å sitja framme i kyrkja den obligatoriske tida og venta på bruremarsjen. Det er mogleg at me vart tre minutt forsinka inn, men det var fordi far er ein endå større tidsoptimist enn meg og ikkje dukka opp før i aller siste liten for å henta meg hos ei venninne og føra meg opp kyrkjegolvet. Medan me stod utanfor kyrkja og venta, høyrde eg gauken gala for første gongen det året. Eg prøvde å finna himmelretninga til der han gol, for eg har høyrt at det skal bety noko, men sidan eg er skikkeleg dårleg på himmelretnignar måtte eg gi opp det prosjektet. Og det var vel eigentleg heller ikkje det viktigste der og då, for då starta orgelmusikken. Framleis våt i håret etter ein dusj i aller siste liten, var far klar for turen opp kyrkjegolvet, og det var eg og.
Heidi