Ein vanleg uvanleg tysdag

Eg har så mange fine blomar etter feiringa i helga at eg må foreviga dei her kor dei ikkje visnar. I dag har eg hatt ein vanleg uvanleg tysdag. I lærarlivet er alle vanlege dagar uvanlege fordi det skjer så mykje ein ikkje veit om før det hender.
I dag har eg fått bruka heile undervisningsdagen min på å jobba med forestillinga me skal ha onsdag i den siste skuleveka. Me har eit luksusproblem på trinnet fordi nesten alle har lyst til å vera med på slike forestillingar. «Eg kan vel få ein rolle?» «Kan eg få vera med?» «Eg har aldri hatt ein av hovudrollane…»
«Eg har lyst til å vera med, men eg treng ikkje seia så mykje!» «Kan eg få dansa?» «Kan eg få synga solo?» Og på øvedagar: «Kan eg få vera med nå?» «Kor tid skal eg få øva?». Eg er så glad for det er sånn, og prøver å strekkja manuset slik at alle som vil får vera med.
Så liker eg samspelet om å utforma manuset. «Kan me gjera det slik?» «Kan eg få litt fleire replikkar?» «Nei, det blir feil, me må gjera det på ein annan måte?» «Eg har ein idé, trur du me kan forandra litt på den scenen der?» Eg synest det er så fint at dette er noko me gjer saman, så blir det små forandringar heile tida, og så prøver eg å førebu dei på at nå kan me snart ikkje forandra meir, og at me må passa på tidsrammene. Eg trur noko av det som gjer at eg liker denne måten å jobba på er at me lagar noko «ekte», noko som skal brukast til noko, noko me er saman om å få til kjempebra eller ikkje fullt så bra. Ulempa er at ein til tider må tåla eit salig kaos før alt fell på plass. Når meir enn seksti aktørar skal involverast i ein produksjon, kan det fort bli mykje lyd, mykje venting og til tider ein viss frustrasjon. Eg er likevel overbevist om at både barn og vaksne lærer mykje av desse prosessane.
I timane for pedagodisk utviklingsarbeid som me har kvar tysdag, hadde me besøk av eksterne kurshaldarar i dag som har jobba mykje med tilpassa opplæring, mellom anna for spesielt evnerike barn, som ofte kan kjeda seg i skuletimane fordi dei kan det meste frå før. Me hadde fokus på det å gi opne oppgåver, oppgåver som ein viss ein set det litt på spissen kunne gitt både til åtteåringar og til universitetsstudentar, der ein kan løysa oppgåva på mange nivå. Dette er musikk i øyrene mine, og noko eg på ein måte alltid prøver å få til. Det er ganske lett i fag som norsk og krle. Når eg av og til vikarierer i matematikk, synest eg at det er kjempevanskeleg å få det til.
I formingsfaget opplever eg og at dei litt opne oppgåvene er mest tilfredsstillande både for lærarar og elevar. Dette kan ha samanheng med at eg nok er meir glad i kunst-delen enn i handverksdelen. Sjølv om eg nok sjølv var ganske «flink pike» på skulen, så hugsar eg at eg blei frustrert over oppgåver av typen lim to gule vattkuler saman og lim på eit nebb av filt, teikn på auge med tusj og lim ein raud hanekam på toppen. Det føltest ikkje som om eg sjølv laga den påskekyllingen. Eg bare limte saman noko nokon hadde tenkt ut frå før. Litt manglande finmotorikk kan og ha spelt inn i opplevinga. Eg oppdaga ikkje før eg som lærar hadde prøvd meg på juleverkstad der eg hadde samla saman store mengder av alt mogleg i mange pappøskjer og stolt gav elevane beskjed om å laga sin eigen engel, at dette ikkje apellerte til alle barn. Nokon vart kjempefrustrerte av at dei ikkje fekk ein modell dei kunne sjå etter. Eg har etterkvart landa på at gode oppgåver bør vera slik at ein tek utgangspunkt i ein eller fleire modellar, og så kan dei som heller vil det få gjera det på heilt sin eigen måte. Eg har nesten alltid eit visst slingringsmonn når eg gir ei formingsoppgåve. Dersom nokon spør «Kan eg ikkje heller få gjera det slik?» tenkjer eg at eg bør ha gode grunnar for å koma med eit blankt nei.
Dei gongene eg har følt meg som litt vanskeleg og lite tilpasningsdyktig som lærar er når «alle» får den gode ideen at me skal ha faste formingsoppgåver som alle elevar skal gjera på visse trinn. «I fjerde klasse lagar me påskekyllingar med ski av ispinnar, og i femte klasse bles me ut egg og marmorerer dei». Då blir eg barnsleg og får lyst til å ropa «Eg vil bestemma sjølv! Halve gleda er jo å tenkja ut idear eller la elevane gjera det i lag med meg.» Likevel innser eg at dei andre og har litt rett. Eg har bare ikkje heilt villa la nokon diktera fridomen min. Eg har lyst på litt opne fagplanar i alle fag slik at me får tid til å gjera som me vil av og til, eller ganske ofte for å vera ærleg, men det seier eg ikkje alltid like høgt… Heldigvis for sånne som meg så har eg jobba på ein skule med ganske stort rom for fridom. Eg har likevel forståing for at ei viss einsretting må me ha. Utfordringa blir å finna den gode balansen og få til eit godt lagspel der nokre av oss får lov til å vera kreative, medan andre får bruka sine evner på å laga gode strukturar og system. Til saman bør det kunna bli noko fint. Så må både eg og dei andre vaksne ha i bakhovudet at det er viktigare at elevane får eit godt og variert tilbod enn at lærarane «får bestemma sjølv.» Likevel har eg stor tru på at ein er mest inspirerande og motiverande som lærar om ein får lov til å til ein viss grad fylgja eige hovud, hjarte og kreativitet.
Etter jobb var eg på møte i «Utval for grøn kyrkje». Det kjennest godt å prøva å vera med på å gjera kyrkja og lokalsamfunnet litt grønare og litt meir berekraftig. Eg veit at det meste er dropar i havet, og at dei store systema rår me ikkje over. Så trøystar eg meg med at havet består av dropar. Det kjennest uendeleg mykje betre å tru at ein kan gjera noko med det som er vanskeleg og urettferdig enn å resignera og tenkja at det kan eg ikkje gjera noko med. Dersom nokon har gode idéar til ting utvalet kan ta tak i, så tek eg gjerne i mot tips. Eg har ikkje bidrege med eit einaste spadestikk når det gjeld å forvandla grasplenen mellom kyrkja og vegen til ei blomstereng, men eg synest det er fantastisk at nokon har gjort det. Å vera med på å arrangera jordmesse saman med jorddøgnfestivalen i haust var og veldig fint.
Ein praktisk opplysning om nokon måtte ha interesse av å vita det. På Kristi himmelfartsdag skal eg og Hilde ha sundagsskule under gudstenesta i Bryne kyrkje sjølv om det teknisk sett ikkje er sundag. Så dersom du vurderer å ta med familien til gudsteneste i Brynekyrkja, så er det eit tilbod til barna akkurat som det er på sundagane.
Elevane har foreslått at me på eit punkt i forestillinga skal spela songen: «På tide, på tide, på tide å stå opp!» som vart spela på høgtalaranlegget om kveldane på leirskulen. Her heime burde eg skaffa meg ein app som gjer at det kvar kveld på eit visst tidspunkt gjallar fylgjande song gjennom huset. «På tide, på tide, på tide å få litt søvn». Strengt tatt hender det vel at nokon minner meg på det… Men alligavel…
Heidi