Gå til innhald

Siste fredagen i mai

mai 30, 2025

Framleis har eg fine bukettar frå feiringa sist helg, og eg klarer ikkje la vera å fotografera dei før dei visnar. Eg liker forresten veldig godt å setja i saman blomsterbukettar sjølv, så nå frydar eg meg stort over at utvalet i hagar, enger og grøftekantar aukar for kva dag som går.

Det er koseleg å vakna til kaffi og strikking i stova. Eva Mari og eg brukte resten av føremiddagen på ein tur til Hå gamle prestegard med kunstutstilling, innkjøp av ein bitteliten vase og lunsj i kafeteriaen. Hå gamle prestegard er ein av favorittstadane mine her i livet. Me rakk innom ein liten tur på strikkebutikken der eg kjøpte knappar til dressen eg strikkar til framleis ufødde lillebror i Oslo. Termindatoen nærmar seg. Nå har eg kjøpt billettar til Oslo i pinsehelga og har klart å byta til meg ein ekstra fridag, i håp om at eg skal få sett han inn i auga og snust inn lukta av nyfødd baby før eg må heim igjen. Terminen er ikkje før den dagen eg set meg på ettermiddagstoget vestover, så det er vel minst like sannsynleg at eg må venta til seinare ut i månaden før eg får sett han. Det får tida visa. Nå har eg bare knappestolpane og festing av trådar att på dressen hans i alle fall, så det skal ikkje stå på den. Eg fekk nok garn, det hadde eg nesten ikkje trudd…
***

God tur, vesle gut.
God tur gjennom djupraude smerter,
tronge smug og mørke kanalar.
Velkomen ut til det skarpe lyset,
til alt du ikkje anar noko om,
velkomen til oss som ventar,
med heftig hamrande puls,
og store tåreblanke auge.
Måtte Gud velsigna den mest uventa reisa
du nokon gong skal leggja ut på,
og føra deg trygt ut til sjølvaste livet.
Her ute er mykje annleis enn det me helst ville ha bydd deg,
men vit at bjørka står grøn,
at epletreet blømer og svarttrasten syng.
Og vit at du er elska.
***
Diktet over er ei spontanskriven helsing i frå barnet si mormor som vel å posta det utan nødvendig lagring og ettertanke. Slikt kan heller koma seinare.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget