To minutt igjen til sommaren

For om to minutt er me i juni månad, og sommaren er her, reint teknisk sett i alle fall. Dette er som fredag ettermiddag når ein veit at ei lang helg ligg foran seg. Sommaren er favorittårstida mi, utan tvil. Før trudde eg at det kanskje var våren eller hausten, men eg har for lengst landa på at ingenting toppar sommaren.
Status i heimen i det me kryssar grensa til sommaren: Fire overnattingsgjester, tre små og ein større, ligg og søv, og det skal vertinna snart gjera og. I dag har eg og Eva Mari hatt barnebarnsdag i reiret mitt.
Iben, Hella og tremenningen deira Hugo har hatt ein felles dag i sola. Hella og Hugo, som er akkurat like gamle, og ser ut som om dei kunne ha vore tvillingar, har som alltid vore perlevenner og ligge på eit relativt høgt stemningsnivå heile dagen. Me har kost oss ute i sola der ungane har hatt vannkrig og hjelpt til med å spyla verandaen, så har me vore opptil fleire timar på ein leikeplass og avslutta dagen med tacomiddag, lørdagsgodt og eit undervannsprogram på TV. Så var det nedgiring og innsoving før Eva Mari baud på italiensk gourmetmåltid som vist på biletet innkjøpt på Bryne tidlegare i dag. Italiensk ost, pølser og kjeks saman med norske jordbær smakte heilt nydeleg.
Etterpå parkerte bestemødrene i sofa og lenestol og brukte rundt førti kroner på digital innleige av filmen «Tre menn til Vilma», som eg høyrde mykje fint om rundt jul, men aldri fekk sett. Det var ein fin film som det godt går an å nyta i mai og juni og.
Observante lesarar har kanskje oppdaga at dette var siste innlegget i mai-bloggen for i år. Me kom jammen i mål denne gongen og. Tradisjonen tilseier at sommaren er ei god tid for «Sporisand». Eg kjem nok til å skriva ein del i sommar og, men nå blir det etter lyst- og innfallsprinsippet. Takk for fylgjet. Det er inspirerande å oppleva at så mange stikk innom bloggen min. Me snakkast nok.
Heidi