Velsigna vera livet

Det finnest høge tider. Tider der sekund, minutt og dagar strekkjer hals og hever seg som høge spisse fjelltopper over eit lågare og meir monotont landskap. Det er desse fjelltoppene som først spring deg i auga når du snur deg og ser deg tilbake. Det er desse tidene du først vil hugsa når du tek eit overblikk over eigne tider. Det er minutt som brenn deg inn i sjela di på ein måte som gjer at du aldri gløymer dei.
Eg høyrde ein gong ein definisjon, eller kanskje snarare ei forklaring av korfor me bruker ordet «høgtid». Det er tider og dagar som stikk seg ut fordi dei er viktigare enn andre dagar, og derfor vil raga over dei som fjell i eit landskap av tid. Det er ei vakker forklaring.
For meg er det å møta eit nyfødde barn høgtid. Å få halda eit nyfødde menneske er noko av det sterkaste eg veit. Når dette mennesket er ditt eige barn eller barn av ditt eige barn, er det sterkare enn noko anna eg opplever.
Ei slik høgtid hadde eg på fredag. Bare synet av den vesle guten sende varmebølgjer gjennom hele kroppen min. Etter å ha forsikra seg om at hendene er reine og at ein ikkje merker snev av forkjølinga eller anna potensielt smittefarlig i eigen kropp, og så få lov til å løfta opp eit lite menneske på litt over tre og eit halvt kilo opp med hendene sine og leggja det mjukt og forsiktig i armkroken.
Å så få sitja der i lange heilage minutt og kjenna varmen og den nesten ikkje merkbare tyngda av ein liten kropp. Å stryka ein finger gjennom mørke hårfjoner som kjennest som silke mot fingertuppane, leggja ein naken liten fot med tær mindre enn maiskorn forsiktig i handflata si, finna kjende trekk i eit bittelite ansikt og sjå eit auge opna seg søvneg etter djup, salig mjølkesvevn. Nyfødde blikk er avgrunnsdjupe, dei ser ut til å spegla noko me andre har kome til å gløyma.
Bare sitja slik og telja den fjørlette pusten som vekslar i rytme, sjå det vesle mennesket strekkja kroppen mot vaken tilstand, grynta svoltent og leita med ein bitteliten munn etter kjelda for meir mat. Sjå det vesle mennesket bli agt til eit bryst, og kjenna att lydane frå eit diande nyfødd barn. Merka at kroppen din hugsar så godt at dei same ilingane går gjennom deg som den gongen det var du sjølv som hadde mjølk å by på. Så etter ei stund få eit mett og fornøyd spebarn tilbake i armane og kjenna at det sovnar igjen.
I dag er det pinsedag og høgtidsdag for oss alle. For den som nettopp er blitt mormor, er det dobbel høgtid. Eit nyfødd lite menneske utløyser hos meg ei kjensle som minner mest om forelsking. Helst skulle eg ha site der med spedbarnet heile dagen…
Tenk kva krefter og kjensler som er lagde ned i menneskenaturen for å få oss til å verna om dei aller svakeste og mest sårbare me nokon gong får i hendene, og tenk kor sterke livskrefter det ligg i eit nyfødd menneske.
Heilagt vere livet med kvardager og høgtider. Velkomen til livet vesle dotterson, og velkomen til livet alle andre små nyfødde. Måtte me som har levd ei stund og burde ha vit, klokskap og erfaring makta å gjera det til ein god plass å vera for dykk alle saman.
Heidi