Gå til innhald

Tredje dagen i juli 2025

juli 3, 2025

Eg innser at eg truleg aldri vil erfare det å kryssa mållinja etter eit gjennomført maratonløp. Eg vågar likevel å seia at det var litt same kjensla å fullføra løpet som sjuandeklasselærar. Dei siste månadane skjedde det så mykje heile tida, det var intenst og fint og travelt, og så var det samtidig det at eg skulle rydda meg sjølv og kassane mine både fysisk og mentalt ut av ein arbeidsplass der eg har halde til i 39 år og hatt det veldig bra.

Siste dagen gjekk eg heim med blomar, vasar, sjokolade, små gavar og store mengder kort og gode ord. Betre avskjed kunne eg ikkje fått. Det kjendest som om eg kunne skiljast frå alle, både små og store, med bare gode kjensler og gjensidige ønske om alt godt. Det var fint, vemodig og godt å kunna leggja seg ned litt på andre sida av målstreken, før det var å koma seg fort på føtene att for å rydda resten.

Etter ei fin jonsokfeiring med familien, med open dør mot bålpanna på terrassen, og regnet silande ned som seg hør og bør i dette hjørnet av verda, sette me oss i bilen og kjørde austover for å få nyta nokre dagar med det yngste barnebarnet, og alle dei andre me har der borte, medan førstnemnde framleis er nyfødde. Det vart ei fin veke, delvis innlosjerte på diakonissehuset, i deilig austlandsk sommarver med tjue grader pluss, som det så fint heiter i songen.

Nå har me vore heime sidan sundag, og sjølv om me har ferie, er dette ein liten smak av livet som kreativ lausarbeidar. Eg har skrive nokre timar kvar dag, noko som er ei rein glede, og eg har klart å skubba meg sjølv ut døra nesten dagleg, fordi eg har pålagd meg sjølv at nå finst det ingen god unnskyldning lenger for ikkje å gå ein tur kvar dag 😬

Så er det det som i utgangspunktet er det minst lystbetonte: Ein ny omgang med rydding. Eg har bore med meg alt eg ikkje hadde hjarte til å kasta på skulen i mange, mange berenett som framleis står på golvet i tøyromet i kjellaren. Arbeidsromet her heime har og vore ein nokså forsømt arena dei siste månadane, så der må det ryddast og reinskast for å få plass til det nye rotet… Og ikkje nok med det. Hyllene der med skrivesaker, diktbøker, teologiske bøker, eventyr, strikkeoppskrifter og formingsutstyr er så fulle at det ligg stablar utanfor bøkene slik at alt ramlar ned om eg prøver å leggja frå meg ein kulepenn der…

Nokon har sagt det så fint at det å rydda i gamle sakar er som ei oppdagingsferd og ein erindringstur i eige liv. Det fortel eg meg sjølv, og til ein viss grad er det sant. Faren er at ein blir veldig frista til å bla gjennom gamle bilete, boka du aldri fekk lese, og korta du ikkje har hjarte til å kasta.

Nå ryk store deler av diktsamlinga samlinga mi. Med kollegial respekt og nysgjerrigheit har eg i alle år plukka med meg diktsamlinger på sal i trådkorger utanfor bokhandlar, og i gratiskassar på opprydding i diverse bibliotek. I tillegg har eg kjøpt masse diktsamlinger fordi dikt oppriktig interesserer meg. Det gjer vondt å kvitta meg med ein tredjedel av dei. Ein høgare prosent klarer eg nok ikkje å prestera… Eg har nå rydda i fire- fem timar over to dagar, og berenetta i kjellaren er eg langt frå å kunna nærma meg. Eg må og innrømma at eg rotar forferdeleg når eg ryddar. For å vera ærleg rotar eg same kva eg gjer. Eg har alltid beundra at nokon kan laga fem retters middag, ha 30 elevar i kunst og handverksavdelinga eller baka sju slag julekaker samtidig medan dei har det tilnærma heilt ryddig rundt seg… Kanskje er det ikkje for seint å bli ein veldig ryddig person, men eg er stygt redd for at det kan eg bare gløyma

Det positive og fortrøystningsfulle er at eg er vant med å manøvrere i mitt eige rot, så det har eg ganske høg kompetanse på.

«Det er klart du må unna deg å ha ein ryddig og fin plass der du kan sitja og arbeida,» sa Torhild til meg ein annan gong eg rydda arbeidsromet. «Det fortener du,» trur eg jammen at ho la til… Så her er det vel bare å stå på… Enten ein time til dagen det første halvåret, eller eit skikkeleg skippertak nå… Ein kombinasjon av dei to høyrest kanskje best ut… Og nokon vil kanskje leggja merke til at for nokre menneske fell det lettare å skriva lange tekstar om rot og rydding enn rett og slett å rydda…😬

For å heva blikket litt. Denne flotte jenta her fyller 36 år i dag, og eg gratulerer henne med ord og varme tankar. Gratulerer med dagen, Ingrid! Eg trur ho er sånn omtrent det mest kreative barnet eg nokon gong har møtt, så valet av briller er ikkje tilfeldig.

Livet går fortare enn eg kunne ha forestilt meg. På biletet er ho omtrent fire år gammal. Eg budde nettopp i barndommen hennar, nå er eg så heldig å få ha beina mine i barndommen til døtrene hennar. Ha ein fin sommarmånad alle de som les her. Eg skriv nok meir etterkvart.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget