Gå til innhald

Sommarsalmar

juli 13, 2025

I dag vart det tidleg frokost i lag med feriegjestene som ville austover etter fire netter hos oss. Det har vore så fint med besøk.

Etter at dei hadde reist, bestemte me oss for å dra på gudsteneste på Undheim. Sommargudstenestane alternerer mellom dei ulike kyrkjene i soknet, sidan mange er reiste på ferie og dei i staben skal ha sine velfortente sommarfriveker. Og i dag var det altså Undheim som var staden.

Det er sjeldan eg er i Undheim kyrkje, så dette gledde eg meg til. Eg håpa det skulle bli ein fin og lys sommargudsteneste der me fekk synga nokre fine sommarsalmar. Slik blei det og. Medan eg var der tenkte eg på noko eg ofte har tenkt: Det hadde vore så fint å få til å skriva ein slik salme med mykje lys og mykje natur. Kunsten er å få det til utan å detta i klisjégrøftene, utan å naivisera på ein platt måte, og utan å leggja inn for mykje tyngde. Eg innbillar meg at slikt var lettare før… Me lever i ei tid der det ikkje skal mykje idyllisering til før det blir til lite truverdige glansbildet.

Nå i ettermiddag klarte eg ikkje å dy meg. Eg måtte setja meg ned for å prøva å skriva den sommarsalmen eg drøymer om å få til å laga ein dag. Eg reknar ikkje med at dette er ein ferdig tekst, så eg tek gjerne i mot tilbakemelding om kva som fungerer for deg som les, og om kva som ikkje fungerer, og kvifor…

I dette utkastet har eg vald å la siste verset vera i eg- form, altså første person eintal. Først hadde eg skrive dette verset og i kollektivt fleirtal, altså me og oss i staden for eg og meg.

For lenge sidan gjorde nokon meg merksam på at dei fleste salmane mine var skriven i ein pietistisk stil, fordi eg som oftast skreiv eg/ meg og ikkje vi/me/oss med kollektivt fleirtal. Det hadde eg ikkje tenkt på… (I denne samanhengen pietistisk på grunn av pietismen sitt inderlege og litt private fokus på «meg og Jesus/ meg og Gud») Av og til vel eg nå heilt bevisst å bruka denne forma, og andre gonger vel eg heilt bevisst den kollektive forma. Kva fungerer best i dette tilfellet, mom tru?

Og her kjem første utkastet til min sommarsalme. Eg ser for meg at melodien enten kan vera som dette med seks strofer/vers, eller at melodien kan vera slik at to og to av dei korte versa kan slåst saman til tre lengre vers:

Takk til Gud for sommarsundag,

grøn og lys og mild og fin.

Nå skal blåklokkene kima

i ei grøft der sola skin.

*

Sjå på vatnet voggar liljer,

trygt i tillit, utan ord,

Kviler mjukt mot skaparverket,

kviskrar taust at Gud er stor.

*

Du som skapte tiriltunger,

gras og humler, tre og reir,

gi oss kjærleik til å verna

livet, du som elskar meir.

*

Sommarregn skal vaska molda,

slik at jorda nok ein gong,

gir oss gras og korn og blomar,

glede, frukt og fuglesong.

*

Livet lengtar etter mogning,

gjennom vinter, haust og vår,

året skiftar, nye somrar,

livet lever, tida går.

*

Takk til Gud for sommarsundag,

eg og livet bur hos deg,

kviler trygt i sommartillit,

hald meg fast, og vis meg veg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget