Gå til innhald

Eit slags kjærleiksbrev

juli 22, 2025

Sundag kveld kom me heim frå Korsveifestival i Seljord, og som alltid kjende eg at me hadde fått vera med på noko stort, fint og livgivende. Eg tenkte at nå må eg setja ord på litt av det eg kjenner før det blandar seg og blir litt borte i alt det andre som er sommaren.

Biletet over er frå avslutningsgudstenesten som på beste Korsveimaner vart feira med «Alle rundt alteret» i det store sirkusteltet. Liturg er Torhild Larsen Nygård. I tillegg til liturgi bidrog ho med fantastisk song som fekk det til å gå ilingar nedover ryggen min. Stas var det og at Iben fekk vera ein av barnemedhjelparane denne dagen, som saman med andre barn fekk koma inn i prosesjon og bidra med tegnspråkvarianten av samlingsbøna. Legg merke til kor vakkert altaret er laga og pynta. Dei estetiske elementa er ein viktig del av denne opplevinga av heilskap som Korsveifestivalane alltid byr på.

I tillegg til dei daglege «Alle rundt alteret -samlingane» med masse flotte songar og festivalband leia av Tore Thomassen, har det i mange år vore ei fortsetjingshistorie der både barn og vaksne er med som forteljarar og skodespelarar. I år var temaet «Det hemmelige tegnet». Samlingane blir ramma inn av liturgiske songar. Det er alltid så sterkt når barna med klare barnestemmar mot slutten av festivalen syng aleine «Gud skap i oss tro, håp og handling, Herre hær vår bønn.» Menn, kvinner og ungdomar syng og same bøna aleine, men det er barnestemmane som verkeleg rører noko i meg.

Ein Korsveifestival er intense dagar inne i ei slags festivalboble. Det er ulike seminar, samtalegrupper, verkstadar, barneverkstadar, konsertar, leik, dans, konsertar, filmar, bibeltimar, folkemøte, felles middagslaging og måltid på tuna, det å treffa kjende og ta ein prat i vrimlehallen for å oppsummere livet som har gått sidan sist, eller å gjera avtalar om samarbeid, soveposesamlingar for barna og bål og samtalar på tunet om kveldane og mykje meir. Eg har ofte prøvd å få med meg absolutt mest mogleg av seminar, konsertar og kurs fordi det er så mykje fint å velja mellom. Denne gongen hadde eg bestemte meg for å leva litt meir tilbakelent sidan me hadde med oss barnebarnet på sju og eit halvt år. Det aller viktigste for oss var at ho skulle få ei god oppleving. Det viste seg at litt tilbakelent var veldig fint det og.

«Korsveibevegelsen» har på ein måte vore ankarfestet og ryggrada i truslivet mitt dei tretti åra me har vore med der. For meg var det befriande og sterkt å finna ein stad der engasjement for verda, å fremma rettferd og å leva enklare gjekk hand i hand med kontemplasjon, djup andeleg søken og det å byggja gode støttande fellesskap oss i mellom.

Me var så heldige å få vera med i eit tunfellesskap med mange barn, der Iben kjende nokre av barna frå før. Der fekk me og plass til nokre av vennene våre i «besteforeldrealder». Etter å ha vore i fleire år på «Tun for vaksne utan barn», var det rett og slett fantastisk fint å ha masse ungar rundt seg igjen. Eg hadde trudd at eg kanskje ville kjenna litt på det å vera tjue år eldre enn dei fleste, men det hadde eg ikkje vett til. Eg var rett tilbake til den fasen då me reiste med mange venner med barn på same alder som våre. Eigentleg betyr det ikkje så mykje om ein er 35 eller 64 når ein er på Korsveifestival. I alle fall ikkje for meg. Me opplevde ein hjartevarm og fin inkludering på tunet, og eg skulle gjerne hatt mykje meir tid til gode samtalar med dei som budde der

Iben hadde det akkurat så fint som eigne barn har hatt det på Korsveifestivalane. Ho var på eit spennande kurs i drama/ teater over fire dagar, leika med barna på tunet, var i badebassenget, rei på ponny, klappa sauer, vart hekta på keramikkverkstaden i den stille hagen og laga mykje fint der, åt is, drakk pulverkakao, laga porsjonspizza og grilla marshmallows og bananar, sov i telt og sovepose for første gongen, gjekk i karnevalsopptog og var på folkefest. Ho og andre barn frå tunet malte akvarellar som dei selde på den store basaren der inntekten gjekk til krigsramma i Palestina. Ho fekk til og med vera med på nattkafé klokka halv elleve om kvelden og eta vaflar med dei vaksne. Grensa gjekk først då ho foreslo «døgning». Det skulle nemleg mange av ungdomane gjera siste natta.

Det at det første natta regna gjennom teltet slik at ganske mykje vart gjennomvått, at den doble luftmadrassen lakk slik at nokre av oss landa på bakken to netter på rad, og at det dei siste tre dagane var tretti grader og stillestående luft, vart nærmast for bagatellar å rekna i den store samanhengen

Takk til deg, Korsvei, for all inspirasjon, glede og gode opplevingar gjennom det eg trur er ca 15 festivaler. Du har betydd uendeleg mykje for meg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget