Gå til innhald

Ein sjømann går i land

august 11, 2025

På ein måte opplever eg overskrifta og biletet frå ein skikkeleg blåsbortdag i begynnelsen av august som relevant for dette innlegget. Det hadde vore like relevant med eit bilete av blenkande blå sjø i solskin, eller med eit bilete av eit sommartomt skulehus. Eg sit her ein vakker og litt disig morgon i august og ser utover havet frå ei lånt hytte heilt ute i havgapet litt utanfor Stavern.

Heime sit kollegene mine i eit foreløpig elevfritt skulehus og jobbar med timeplaner, vaktplanar og årsplanar. Dei drikk kaffi, geispar over å vera ute av trening med tidlege morgonar, og har pålagde rundtbordetsamtalar om forventningar til godt samarbeid i skuleåret som kjem. Velsigna vere dei, og velsigna vere den rastlause landinga i eit nytt skuleår på som alltid går fortare og lettare enn ein har trudd. Landinga altså… Etter ein halv til to dagar på jobb har ein nesten gløymt at det er noko som heiter sommarferie.

Eg har tenkt i heile sommar at ein eller annan gong må eg dokumentera for meg sjølv, og kanskje for andre, korleis det kjennest å ta eit så langt steg som det å slutta i skulen. Eg oppdagar at denne teksten kan koma til å bli av det lengre slaget, så nå er du som lesar advart. Du treng ikkje føla at du må lesa lenger enn dette viss du ikkje vil..

Det å slutta allereie nå, etter førti år som lærar og trettini år på Bryne skule, er noko eg brukte halvparten av sist skuleår på å tru og tvila meg fram til. Det var så vidt eg hadde mot til å trykkjast på send-knappen då eg hadde skrive oppseiingsbrevet, for det var framleis mykje i meg som ikkje heilt ville det. Likevel, eg hadde bestemt meg, så eg trykte på send og loddet var kasta.

For eit heldig menneske eg er. Eg bur i eit land der ein kan velja å prioritera på den måten sjølv om ein framleis føler seg relativt energisk og bortimot heilt arbeidsfør. Nå kan eg realisera draumen om å skriva nesten på heiltid, vera mykje mormor på post, og fortsetja med nesten alt eg synest det er verd å bruka tid og krefter på. I tillegg så kan eg leggja litt meir krefter inn på det nokon ville kalla helsefremmende tiltak, for å forhindra at kroppen blir nitti år nesten tretti år før resten av meg naturleg kjem etter…

Men heilt utan sorg er det ikkje å ta ei slik avgjersle. Då eg var innom for ei lita veke sidan for å levera nøkkel, låsbrikke og iPad, og i tillegg få lagt på plass sorterte, spissa fargeblyantantar, to -tre bøker eg fann heime, og ein kjole som høyrde til på kostymelageret, vart eg plutseleg angripen av ei sterk kjensle av sorg som eg ikkje heilt hadde sett koma.

Eg hengde kostymelagerkjolen fint frå frå meg på ein hengar, og tenkte på kor mykje eg hadde brukt dette rommet, og kor mange private eigendelar eg og Helen i si tid hadde bore inn dit og aldri teke med oss heim igjen. Eg må og innrømma at eg takka alle gode makter for at eg ikkje hadde ansvar for å rydda der inne. Bøkene vart rydda fint på plass, men for boka «Å tegne er å se» fann eg ingen rett hylle. Eg la henne ein ledig plass og håpar ho blir brukt, for det er ei veldig fin bok.

Ei natt i sommarferien kom eg plutseleg på at eg kanskje hadde gløymt å rydda kateterskuffene. Det måtte eg få ordna før Elisabeth som skal overta rommet opna dei og fann rot… Ganske riktig, i skuffene fann eg blyantar, viskar, viktige papirlappar og andre småting, mellom anna ei flat treøskje med ei handfull terningar. Sidan eg hadde litt lita tid, parkerte eg med eit snev av dårleg samvit terningane på kollega Ole sin arbeidspult. Ikkje fordi han kanskje ikkje ville oppdaga at dei ikkje stod der i juni, men fordi eg stolte heilt på at det ikkje ville gi han høgt blodtrykk eller eit stort raserianfall. Har nokon hatt tålmod med meg og mine vaklande elektronikk- og datakunnskapar, så er det han. Eg burde sjølvsagt lagt ei stor sjokoladeplate der i tillegg, men det hadde eg ikkje for handa. Sorry, Ole…

Før skuleåret startar har eg alltid hatt det klassiske tilbake-til-skulen-marerittet som eg veit eg deler med veldig mange kolleger… Dette scenarioet der ein spring rundt på skulen med ei bunke bøker i armane og ikkje veit kor klassen eller klasserommet er. I tillegg veit ein ofte ikkje kva fag ein skal undervisa i, eller kva klasse ein skal ha i denne timen, ein veit bare at det for lengst har ringt inn til time… Eg veit at veldig mange kolleger er innom denne draumen kvart einaste år. I år har eg sluppet unna.Til gjengjeld trur eg at eg drøymde om skule nesten kvar einaste natt dei første tre vekene av ferien. Mest var det fine draumar om elleville opplegg i kunst og handverk, utprøving av ville spesped-opplegg og innøving av musikalar der nokre av dei i hovudrollane nå er langt inne i trettiåra. Foreldresamtaler og foreldremøte drøymde eg meg og gjennom, samt det å ikkje nå nattoget i tide fordi eg måtte rydda etter eit foreldremøte… Mitt håp stod i å få hjelp av redningskvinne og kollega Kari, men ho sat i eit viktig møte… Hjernen min må ha hatt eit visst behov for bearbeiding av diverse situasjonar…

i sommar har eg med jamne mellomrom tenkt at «Dette må eg diskutera med elevane mine», denne boka må eg lesa høgt i klassen, eller » Denne leiken hadde passa i ein Olweus-time». Eg har gjort meg klar til å fotografera rebusane på mjølkekartongar, fordi eg skal bruka dei som startar i ei undervisningsøkt, før eg sekundet etter har kome til å tenkja på at eg ikkje skal ha fleire skuletimar…

Mange har høyrt mykje om kor forferdeleg det er å jobba i skulen. Det er sant at det er eit veldig krevande yrke, og at ein ofte kjem til kort fordi ein rett og slett ikkje har tid og moglegheit til å fylgja opp elevar så tett som ein gjerne ville, eller utføra alle oppgåver så grundig som ein helst ville ha gjort det. Likevel vil eg påstå at det knapt kan finnast eit så givande, levande og utfordrande yrke som læraryrket. Ingen dagar er like, ein står midt i ein boblende straum av liv og får fylgja sprell levande ungar gjennom ulike utviklings fasar.

Elevar er kanskje dei ærlegaste menneska ein kan omgi seg med, så det er ingen fare for at ein ikkje blir verande på jorda med begge beina. Ein lærer nye ting om seg sjølv og andre heile tida, og for å klara jobben må ein læra seg mykje om samarbeid. Eg er djupt takknemleg for alle dei gode kollegene eg har hatt, dei har lært meg mykje om livet, og litt om ting eg nok aldri blir kjempeflink til, som for eksempel det me før kalte elektronisk databehandling… I tillegg har me kunna dela kompetanse felta våre slik at elevane blir breitt dekka. For meg var det ei trøyst og ei velsigning at eg ikkje trengde å vera maratonløp aten, landslagsspelaren, systematikaren ungdomen eller matematikaren på trinnet. Dei rollane var dekte av andre enn meg, og eg kunne konsentrere meg om å vera ein kreativ kaotikar i bestemors alder som fekk lov til å nerda i fag som verkeleg interesserte meg.

Takk og til alle elevane eg har hatt som har latt meg få plass i barndommen deira. Dei har lært meg så utruleg mykje, og ikkje minst til å bli flink til å le av meg sjølv… Det er mykje eg kjem til å sakna i skulen, men eg er ikkje i tvil om at ungane er det eg kjem til å sakna aller mest.

Nå skal den flokken som fekk min siste lærarkjærleik vidare til ungdomsskulen. Eg er trygg for at dei blir godt tekne vare på det. Takk for fylgjet både til elevar og gode medarbeidarar. Det har meir enn noko vore ei stor glede å vandra i lag med dykk.

Lukka til med eit nytt skuleår til alle som er i ferd med å starta på eit slikt akkurat nå. Måtte vegen bli vennleg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget