Gå til innhald

For framleis

august 18, 2025

Eg steikjer vaflar i august
ein stor stabel på fatet,
det er sundag eg er raus
med egg, med smør og sukker.
Vase med fine blomar frå ein grøftekant,
serviettar med markjordbær på.
Kjøkkenet luktar eplekake
og om ikkje lenge nytrekt kaffi.
Kremen legg seg mjuk og nypiska ned i skåla.
Eg blandar solbærsaft i mugga,
for framleis er me her alle saman,
med bringebærsyltetøy
og det som er att av ein kvardagsleg brunost.
Sola varmar så fint, og dørene står opne.
Dei rosa små rosene frå mor og far i blå vase,
tomatane frå drivhuset heime hos dei
i ei skål på kjøkkenbenken.
Eit utålmodig barnebarn
kan endeleg melda at alt er klart,
Dei reiser seg alle saman
frå hagestolar og hengekøyer
og me sit tett i tett ved det store bordet,
for framleis er me her alle saman,
framleis har ingenting utenkjeleg skjedd.
Barna er framleis barn,
i blomstrete sommarkjolar
med langt flagrande hår,
og vaflane framleis vaflar,
med bringebærsyltetøy
og små innsjøar av smelta smør.
Framleis leiker tantane gøymsel
med ungar oppe på loftet,
og framleis dansar barna
med onklane på stovegolvet.
Framleis er det sommar.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget