Gå til innhald

Me står her

oktober 30, 2025

Me står her og har forete oss
på frukt frå Paradiset.
Forvirra innser me at me kan rekna ut
eit og anna me aldri burde visst svaret på,
at me kan byggja våpen
verda aldri skulle ha sett.
Hovuda våre får til slikt me ikkje har rygg til å bera.
Framleis er me barn i kjensler og sansar,
sårbare, hudlause og redde.
Forgifta av slangegift,
og slitne under føtene,
av alle dei utemde slangane
me prøver å halda nede.
Heidi

Ei lita kvardagshelsing frå skriverommet mitt. Kvar dag, så sant det let seg gjera, set eg meg ned nokre timar og jobbar med dikta eg har liggjande. Det blir sannsynlegvis ei samling neste haust, men eg har veldig mange fleire tekstar enn dei som kan vera saman mellom to permar, så nå gjeld det å få til «å skilja snått og kanel», som det heiter i eit gammalt jærsk utsagn. Det er ikkje alltid lett å bedømma kvaliteten på eige arbeid, i alle fall ikkje når det er nyskrive.

Likevel fell eg lyst til å dela eit av dikta eg har sitte og pussa på i dag. Eg har alltid vore glad i dei gamle urhistoriane i Første Mosebok, og tenkjer at på ulike plan er dei framleis tekstar som er relevante for det å vera menneske.

Elles har eg mange spennande prosjekt å ta del i, så akkurat som eg hadde håpa, så kjennest det nye livet med AFP meir som å ha skifta jobb enn som det å vera arbeidslaus. Det er eg veldig takknemleg for. Eg har så mykje eg har lyst til å gjera og til å få gjort, så dette er ein luksussituasjon på mange vis. Det eg nok saknar mest om eg skal sjekka ut den tanken, er det å vera i klasseromet saman med ein gjeng elevar store deler av dagen, det har eg alltid synest har vore spennande, utfordrande og givande. Heldigvis treff eg dei gamle elevane mine ganske ofte når eg er ute for å handla eller har andre ærend utanfor huset. Det er så fint å høyra at dei har det bra og liker seg på ungdomsskulen.

I helga blir det Oslo-tur med seminarer i regi av Aeropagos. Det gleder eg meg til. Einaste ulempa er at me må koma oss på eit veldig tidleg tog for å unngå buss for tog og for å rekka fram i tide, men det burde vel gå bra. Me blir der eit par dagar ekstra for å få sjansen til å vera saman med barnebarn og vaksne barn. Når ein har eit lite menneske der som vart fødd i sommar, så gjeld det å få mest mogleg tid med han, for utviklinga det første året går så fort at det nesten ikkje er til å tru. Og mormor lengtar sjølvsagt like mykje etter to-og-eit-halvtåringen som har blitt veldig flink til å snakka i haust på ein sjarmerande blanding av jærsk og austnorsk.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget