Eit slags farvel

Ikkje eit farvel til bloggen eller noko anna som er her og nå, må eg kanskje skunda meg å seia…
Eg sit her og jobbar med dikta eg skreiv i sommar, og prøver å forbetra dei litt, sortera kva som skal vidare og bli til bok, og kva som skal få kvila i idéhaugen litt lenger. Nå er hausten og på hell, og me skal inn i den første vintermånaden. Då skal det i fylgje tradisjonen min bli liv her på bloggen igjen.
Medan eg sat her halvvegs nedgravd i ord, kom eg til å tenkja på at eg kanskje kunne dela litt med meg sånn undervegs. I dag kom eg over eit dikt eg skreiv til elevane mine etter at eg hadde send dei vidare ut i livet utan meg til det me oftast kallar ungdomsskulen.
Eg møter nokon av dei rett som det er. På gata og i butikkar. Det er fint. Det er ein av dei fina tinga med å jobba der ein bur, ein møter ofte gamle elevar, opptil fleire gonger i veka. Heldigvis er det nesten utan unntak fint.
Farvel, mine kjære,
Farvel, mine kjære.
Eg skal sleppa taket,
de skal gå vidare
med pubertetskroppane,
med barneblikka,
med overmotet,
og med nevrotisk engstelege tankar.
De som veit det meste som kan vitast,
og samtidig ingenting veit.
De som har levd tretten vintrar,
og bare så vidt har begynt.
Eg står i døropninga,
varmhjerta og tåreøygd,
eg tek i mot dei siste klemmane,
og smiler tappert.
God tur vidare,
med kloke tankar,
inkvisitoriske spørsmål,
underleg naive og uendeleg djupe tankerekkjer,
med opprør og med sjenanse.
Eg har kjend dei frå dei var i tannfellinga,
har sett dei i vidåpen undring
og sett dei oppslukte av leik.
Gå vidare nå,
la dykk overraska av livet,
av melodiane, og songane,
av nye tankar og ny lengt.
Det er livet som ventar,
med høgder og avgrunnar,
Med annleis kvardagar,
med veksande ansvar,
med ny kjærleik
og med ukjende horisontar.
Takk for fylgjet,
de har lærd mykje,
og eg har lært mykje av dykk.
Med avtrykka av skuleåra
og av kvarandre
skal me alle vidare.
Tilgi meg det eg kanskje ikkje såg,
sjølv om eg burde ha sett det.
Tilgi om eg nokon gong var urettferdig
eller alt for unnfallande .
Vit at eg har vore glad i dykk,
og stolt av dykk,
grenselaust og himmelhøgt.
Heidi