Gå til innhald

Den magiske melodien

november 19, 2025

I går la eg ut eit dikt som handla om siste gongen sjuandeklassen min gjekk ut døra av klasseromet. Det var samtidig siste gongen eg gjekk ut av den same døra etter førti år som allmennlærar, men det tok mange veker før det gjekk heilt opp for meg at eg nå var over i ein ny fase.

Den andre jobben eg samtidig nesten forlot etter tjuefem år var ein deltidsjobb i kulturskulen, som for meg praktisk nok, held til i dei same bygningane som Bryne skule. Her har eg vore dramalærar og lærar i skapande skriving. Nå i haust har eg framleis hatt ein liten jobb i kulturskulen som leiar for ei gruppe tiandeklassingar som har skrive manus til ei stor forestilling me alltid har i Storstova før påske. Det å jobba i kulturskulen har for meg vore herleg befriande. Sjølv om det blir spurt etter planar, evalueringar og mål der og, så har eg opplevd det så utruleg fint at her er det kreativiteten som står i sentrum. Det å få lov til å jobba kreativt, relasjonelt og intuitivt, har eg fått lov til i skulen og, men der er det fleire naturlege begrensningar som gjer at system i ein del situasjonar må trumfa kreativiteten.

Tidlegare denne månaden fekk eg vera med å feira Guri, min fantastisk flinke kulturskulerektor sin 60-årsdag. Då skreiv eg eit dikt til henne, som handla om det å jobba i kulturskule. Etter oppfordring deler eg teksten her, det vil seia eg har teke vekk første delen, som gjekk på å vera den som skal administrera og gjeta kattar (= kulturskulelærarar i denne samanhengen).

Eg må innrømma at eg aldri har undervist musikk-elevar, men eg er nokså sikker på at det er slik det er…

Den magiske melodien

Det finst små og store rom i livet,
det finst kulturskular med rom  fulle av saksofonar,
av klarinettar og små musikantar.
Dit kjem dei alle saman,
med indre ønske om spela,
eller er sende dit av mor og bestemor
med høge musiske ambisjonar,
eller ønske om barndomar fulle av musikk.

Men dei kjem kvar einaste veke
Nøtteliten, alltid fem minutt for sein til timen,
glad, fornøgd og sprell levande
sjølv om han aldri har tid til å øva,
spelar han med freidig mot,
høglytt grovspeling utan kryss og B-ar,
og er raus med klemmane,
før han spring og gløymer lua si på stolen.

Bolla Pinnsvin smiler engsteleg når ho kjem, 
og skjelv litt på labbane,
sjølv om ho har øvd både lenge og ofte,
og mamma og pappa har sagt at ho er flink.
Med nybørsta pigger og eit sjenert smil,
tek ho klarinetten forsiktig opp,
og sjekkar at flisa sit som ho skal.

Helene Harefrøken når timen i dag,
men notene ligg heime eller i ein grøftekant.
Ho gløymer  å hugsa kva melodi ho har øvd på,
og lagar sin eigen i staden,
medan ho snakkar ubekymra mellom spelinga,
og pleier leppene med rosa leppepomade.

Så kjem Pippi Langstrømpe,
som sjølvsikkert og smilande
opererer i eigne notesystem,
og tålmodig forklarar læraren 
korleis dei eigentleg skal låta.

Emil frå Lønneberget,
lærte å spela trekkspel av Alfred
bak veggen på låven,
den sommaren han var fire år,
på trass av det alle hadde rekna med,
og som han sjølv ikkje veit endå,
kan han fort enda opp  i eit symfoniorkester,
eller bli soloartist.

Det som er hemmeleg for alle som ikkje veit,
er at dei alle saman, 
ofte eller kvart jubelår,
i sekund om gongen,
finn den magiske melodien,

den som Brogeen, og alle me andre
alltid har leita etter.
Melodien som for ei fortrolla stund
får veggane i romet til å forsvinna,
taket til å opna seg,
og golvet til å bli heilag grunn.

Dette me alltid lengtar etter,
og som kjem når ein minst ventar det,
og viser at det finst eit univers, 
bortanfor det me kjenner til.
bortanfor solsystema, 
alle kjende notesystem og periodiske system
som er rein glede og sæle,
kvar gong me får eit glimt inn i det.

For den som har elevar får høyra
noter ein ikkje visste om,
og synga songar ingen visste fantest…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget