Gå til innhald

Luke 3- Helsefremmande tiltak

desember 3, 2025

Eg høyrde ein gong nokon seia at det mest helsefremmande tiltaket for kvinner heitte syklubben, i alle fall når det gjaldt psykisk helse. Det kjenner eg at eg trur på. Det er alltid godt å ha nokon å lena seg mot, relatera seg til, fortelja livshistoriar til og få livshistoriar tilbake som gjer at du kan sjå eitt og anna i nytt lys og få større innsikt i korleis det er å vera andre menneske.

Det var naturleg for meg å gripa fatt i denne fliken av livet akkurat i dag, for nå er eg verkeleg midt oppe i syklubbdelen av livet, den som på godt jærsk blir omtala som «forening». Eg er med i fleire slike grupper, og alle gjer meg godt. I går var eg i lag med ei gruppe flotte damer som møtest med jamne mellomrom for å snakka om eit til kvar gong gitt tema, med bakgrunn i kristen tru. I går var temaet «Tvinna tommeltottar», og handla om behovet for av og til å vera heilt stille utan å kava med noko som helst fysisk arbeid eller med kjør på tankeplanet. Det viste seg at me hadde så mange andre tema som det var viktig å snakka om, så timane flaug på eigne venger medan me åt Ingrid si gode blomkål og brokkolisuppe med nydeleg nybakt brød til. Plutseleg såg me at me snart måtte gå heim, så då fekk me konsentrert oss om dagens tema ein halvtimes tid før me måtte bryta opp. Vertinna hadde forresten eit skilt på veggen som godt kunne passa inn i denne teksten, så det skal eg visa fram før eg skriv meir.

I kveld skal eg i veg til ei forening som har vore i drift i nesten førti år. Dei fleste av dei som er med der har eg kjend sidan me gjekk på vidaregåande skule. Me har møttest ca ein gong i månaden i alle desse åra, så me har relativt god kjennskap til kvarandre sine liv. Det er noko fint med det å bli ei gammal dame saman med nokon du og har vore ung jente saman med. Det første elementet i denne setningen ligg sjølvsagt framleis langt framme i tid…

Medan eg skriv om foreningar, må eg jo nemna at me var fire venninner som laga forening allereie då me gjekk på barneskulen. Alle vaksne damer hadde jo forening, så korfor ikkje me? Eg hugsar framleis den litt hektiske stemninga når mor skulle ha forening. Den gongen gjekk det gjerne i terteskjell med reker, fiskebollar og kjøttbollar, eller kanskje aspik med remulade og spiralloff. Til det heile høyrde det alltid ei kake, og det vart gjerne litt restar på oss ungane som fint måtte halda oss på kjøkkenet eller på romma våre når det var forening på gang. Som ein lidenskapleg lyttar skulle eg gjerne fått med meg praten i stova, men det vart alltid sørga for at det ikkje vart aktuelt. I ei ekte forening skulle damepraten få flyta trygt og fritt utanfor høyrevidden til ungar og mannfolk. Men tilbake til oss ti- elleve år gamle jenter som begynte å sykla i forening til kvarandre kvar fredagskveld der me serverte tomatsuppe frå pose eller noko liknande, me har faktisk halde saman heilt sidan då, og møtest framleis eit par gonger i året for å le av ting me opplevde for femtifire år sidan eller i sist veke. Eg vinkar til Karin, Rita og Jane dersom dei les dette, tenk så fint at me har klart å halda taket i kvarandre.

Bileta øverst er kanskje frå det litt fleire kunne tenkja på som eit helsefremmande tiltak. Ein gjeng tidlegare kolleger frå Bryne skule har i fleire år hatt ein trimtur langs Frøylandsvatnet kvar onsdag føremiddag. Nå er eg på det stadiet i livet at det er mogleg å henga seg på. Eg hadde bestemt meg for at nå måtte eg koma i vane med lange daglege turar nå når eg skulle få betre tid. Eg må innrømma at det er ein god del forbetringspotensiale på dette punktet. Frå evalueringa av individuelle utviklingsplanar kvart år før jul, hugsar eg formuleringa. «Målet er delvis nådd». Med litt velvilje kunne eg kanskje kryssa av i denne rubrikken. Det som er sikkert er at det er lettast å koma seg ut på tur viss nokon ventar på deg, og viss ein kan prata samtidig. Eg kan i alle fall bruka formuleringa «Målet blir vidareførd til neste semester.» Eg innser at helse er noko ein bør ta godt vare på, og at det er eit mål at kroppen ikkje blir på åttiårsnivå på nokre ord endå. Sidan nyttårsløfta framleis er langt frå gjennomføringsstadiet, så kan ein jo alltid leggja litt hårete planar. Eg må innrømma at eg framleis er langt i frå den delen av befolkninga som seier at dei gleder seg heile dagen til dei skal trena. Eg er og usikker på om det ville vera mogleg å lura kroppen sin til å hamna i denne kategorien, men det kunne kanskje vore interessant å prøva å finna det ut… Eg innser at eg er flinkare og meir interessert i å trena sjela enn lekamen som det så fint heiter på nynorsk…

Vel heime etter turen hadde eg ein lang, og utan tvil helsefremmande telefonsamtale med Torhild. Då eg høyrde at ho hadde sett lys under kongerøykjelsen kom eg på at eg kunne gjera det same. Så snakka me i lange tider medan eg drakk kaffi og åt Leif sitt gode heimebakte brød med brunost med julesmak og deilig grønt stikkelsbærsyltetøy frå julemessa.

Nå må eg snart til med pakking, for i morgon føremiddag set eg meg på toget for å ta ein førjulstur til Oslo/ Bærum. Det blir nok fint. Ein får håpa at toget går, og at eg kjem meg på i tide, så ordnar nok det meste seg.

Bare ein påslengd kommentar til uttrykket i den første setningen: «Helsefremmande tiltak for kvinner». Har mine rogalandske medsystrer reflektert over at me på vår dialekt nesten ikkje har eit nøytralt ord for vaksne menneske av vårt kjønn? Kvinne er eit ord eg kan skriva, men det er heilt unaturleg å ta i munnen når eg snakkar. Då blir det som regel «dame», men det er heller ikkje nøytralt. Ordet dame er det ein viss byswung over. Noko litt elegant og forfina, som eg i grunnen ikkje trur at eg lever opp til. Då eg var barn var vel det vanlegaste ordet «ei kåna», men det har og med seg ein slags innebygd vigselsattest. Dersom ein ikkje var gift kunne ein vera «gammal jente» til ein blei sånn ca nittisju og avgjekk med døden. «Ei vakså kjæring» kunne vera eit alternativ, men med eit liten bismak av noko negativt. «Kvinnfolkjå» og «mannfolkjå» var vel bortimot nøytralt for seksti år sidan, men er heller ikkje heilt gagnbart lenger? Ja, ja det er mykje ein kan grubla over både munnleg og skriftleg når ein langt heller burde ha rydda litt eller kanskje tvinna tommeltottar? Akkurat det med benevning ville vore enklare viss ein rett og slett var mann, men det er vel ein pris dei færraste av oss ville vore villige til å betala bare for å vita kva me skal kalla oss.

Ha ein framleis god dag!
Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget