Gå til innhald

Luke sju- Ei korg med hekla englevenger

desember 7, 2025

Dagen starta med kaffi og to adventslys hos Eva Mari og Henrik på Haslum. Planane om ein føremiddag i byen vart byta ut med å halda seg inne første del av dagen. Det skuldest mellom anna veret som framleis var grått og vått. Eva Mari fortsette med å hekla englevenger til engleproduksjonen sin. Ho har ei heil lita korg klar, men trong endå fleire. Det å hekla englevenger er ein så vakker adventaktivitet at det må eg passa på å få fletta inn i eit dikt eller ei vise før eg gløymer tanken.

Eg strikka vidare på skjerfet med innebygd blondekant, og etterkvart åt me ambrosiabrød med smør og brunost og såg på ein for meg inntil dette ukjend julefilm: «Så er det jul igjen,» om norske Thea, busett i New York som tek med den indiske kjærasten sin til norsk jul heime i Telemark. Sjølv om det nasjonalromantiske aspektet var smurt i litt tjukke lag med mykje brunost, lang skitur, obligatorisk isbading julaften føremiddag, bunadar, ribbe og akevitt, så såg me i glimt oss og våre landsmenn gjennom såpass framande briller at norsk julefeiring vart litt småkomisk. Etterpå skrudde me på norsk langrenn, og etter å ha høyrd på kommentatorkommentarane ei stund om «pallplassar og tidelar,» så kunne eg ikkje heilt fri meg for tanken at me nordmenn er litt rare.

Eva Mari si matlaging overgår det meste eg sjølv driv på med, og ut på føremiddagen vart det servert salat med varm chevreost, rista valnøtter, pærer, cherrytomatar, honningdressing og balsamico. Så pakka eg saman den mobile garderoben og utstyrskassen min, og me kom oss på banen i god tid til å rekka «Juleroser» med Herborg Kråkevik og kompani på det norske teateret. Me rakk til og med ein kopp kaffi i foajeen.

Me fekk med oss premieren av ei forestilling som skal gå to gonger kvar sundag fram til jul. Ideen byggjer vidare på juleheftet «Juleroser», som Herborg Kråkevik har gitt ut kvar jul i ganske mange år med mange fine tekstar og betraktningar frå norske forfattarar. I år var temaet englar så ho ankom svevande og syngende i sele over scenen. Eg har veldig sansen for dama, og synest ho er både flink og klok i tillegg til å vera seg sjølv på ein trygg og eigenarta måte. Ho hadde med seg eit lite orkester, Solveig Kloppen, Ina frå «Jul i svingen,» og «Skam», Frida Ånnevik, eit mannskor og to flinke menn eg ikkje hugsar namnet på. Saman framførde dei fine tekstar på ulike måtar, og det vart vist bilete frå juleheftet på storskjerm, mellom anna det biletet eg er så glad i som viser to barn bera ein såra engel på båre. På eit gitt tidspunkt i forestillinga vart alle me som var publikum i den store salen som tilhøyrer hovudscenen, forandra til eit gigantisk kor som framførde «Det lyser i stille grender.» Eg anbefaler forestillinga til dei som har sjanse til å få ho med seg.

T- banen tok meg, koffert, ryggsekk og nett vidare til Tøyen. Sunniva ønska seg nokre matvarer og tennbrikettar, så eg var innom Rema på Tøyen torg der eg først fylde ei handlevogn med bagasjen min. Tennbrikettar var ei nøtt å knekkja. Eg leita fram og tilbake i alle hyller, og prøvde utan hell å få hjelp av nokon. Ein ansatt prøvde å overbevisa meg om at det var tennvæske eg trong. Ein medkunde på min eigen alder prøvde å hjelpa meg å leita i hyllene, det og utan hell. Eg sa at me fekk prøva å finna fyrstikker, då var me kanskje på sporet… Han parerte med at fyrstikker var sååå 1990, nå var det tennarar som gjaldt…

Til slutt konkluderte ein ekspeditør med at dei nok var utselde for tennbrikettar… Nederst på handlelista eg hadde fått på sms stod det: ”Skumnissar til etter at barna har lagt seg…» Det burde vera ein enkel instruks, men eg fann dei ingen plass i godterihyllene. Det var bare å bita i det sure eplet igjen og bli ho masete litt slitsame dama med ei trillevogn full av bagasje…

«Unnsjyll, mase, men he dokke skomnissa? Æg finne di ingen plass?»

???

Plan B i håp om å lukkast: Hemningslaus knoting etter å ha prøvd å sjekka ut at ingen Brynebuar på ferie lytta til samtalen:

«Skumnisser?»

???

«Godteri… Sånne myke julenisser?»

???

Og der vart det påkopling av plan C. Det blei yoghurtnøtter i staden. Godt det og…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget