Livslærdom

Etter å ha skrive eit innlegg om alt som har gått gale i verda, kan det kanskje vera greitt å balansera med noko som er fint, for det som er fint er det og veldig mykje av… Sjølv synest eg det er veldig fint at eg framleis, i godt vaksen alder, har begge foreldra mine her, og at dei framleis er ganske friske og raske.
I denne veka fylde far 86 år, og barna, det vil i denne samanhengen seia syskena mine og meg, feira dei saman med svigerbarna med ein lang frokost heime hos meg, som etterkvart gjekk over til kaffi, lefser, julekaker og varm eplekake. Syster mi, terapeuten, som liker å gå litt på djupet utfordra far og spurde kva kan hadde lærd av livet.
«Det må jo vera å oppdra barn», sa han, diplomatisk. Det var jo eit smart svar, for viss me repliserte at det hadde han klart godt, måtte det jo vera det perfekte svaret til å få oss og til å kjenna oss som vellukka oppdragne… Men syster var ikkje heilt fornøgd.
«Nei,» sa ho,»Eg meiner kva veit du nå om livet som ein ikkje automatisk veit når ein er ung?» Nå måtte far tenkja seg litt om, men ikkje så veldig lenge. «Det eg har lært,» sa han, «er at det ikkje finst to menneske som er heilt like kvarandre. Alle har ulike erfaringar, og alle opplever livet forskjellig. Derfor har eg lært at ein må vera «litt ydmyk» i møte med andre. Ingen veit kva andre strir med, og eg har sett at livet ikkje alltid er så lett for alle, altså. Det er viktig å møta alle menneske med respekt, for me kan ikkje vita korleis det er å vera dei».
«Nå har du jo ganske mange oldebarn, kva vil du formidla til dei om livet?» «Då vil eg seia til dei som skal oppdra dei og passa på dei at dei må passa godt på dei. Dei som har barn og barnebarn må vera tett på og fylgja dei opp heile tida. Det er heilt nødvendig slik som tidene har blitt…»
«Ja, men kva ville du seia direkte til dei som dei kan ta med seg i livet som eit tips frå deg?» «Då vil eg seia at det er viktig å hugsa at dei må vera «ydmyke». Det trur eg er det aller viktigaste».
Og det var jo kloke ord frå ein etterkvart veldig godt vaksen mann. Eg satsar på at han synest det er greitt at eg deler det med fleire. Det eg tenkjer på når eg skriv dette er at det er bra for barn å bli oppdrogne av ein heil landsby. Mine barnebarn er så heldige at dei har tre generasjonar over seg som både har lyst til å vera tett på dei, og som liker å leika med dei. Så får eg tola at oldefar og oldebarn på fem går laus på kvarandre med sofaputer og teppe når dei har putekrig. På ein måte misunner eg mor og far det at dei var så unge då dei vart foreldre og besteforeldre. Mine oldebarn kan ikkje vera trygge på at dei har ei oldemor som har lyst til å leika gøymsel eller ta ein heftig putekrig.
Heidi