Gå til innhald

På høg tid?

januar 30, 2026

Då det var på høg tid for Abraham
å sjå seg om etter pensjonistleilegheit,
fekk han det store kallet.

Noa sin alder då han havna i båtbyggjarbransjen
treng me ikkje ein gong å nemna.

Det er fint for den store forteljinga
at Abraham ikkje var fastlåst
til pensjonistavtalar,
stolen framfor fjernsynet,
aldersbustad i syden eller trim for eldre.

Forunderleg å kunna innsjå
at livet går vidare med nye vegar,
heilt til siste porten ein dag dukkar opp.

Bare vita at vegane går vidare,
at alle dagar kan bera med seg under
under, og kallet til å vera andre til velsigning

I Gud sine tidslinjer bur tida og livet,
skulle ikkje kvar dag og time
av livet vårt vere velsigna?

Me skulle alltid sjå oss om
forvitne og fulle av livsmot
for å skimta dei nye vegane
og med glede våga oss vidare.

***

I november var eg i kyrkja og høyrde Hans Johan Sagrusten snakka om Første Mosebok. Han har skrive ei bok om temaet: «Fyrste Mosebok- ein livsvisjon», som eg allereie hadde lese med stor glede, og kan anbefala til alle som er glade i dei gamle opphavsforteljingane dei fleste av oss vel hugsar frå skulen.

Diktet over er direkte inspirert av han og noko av det han sa om kor allmenmenneskelege desse historiane er, og korleis me alle kan spegla liva våre i dei. I fylgje han er essensen av Første Mosebok at «Livet går vidare» og «Gud er med». Dei djupaste menneskelege erfaringane har mennesket erfart sidan urtida. Dette sjølv om dei historiane stammar frå var nomadar som levde i telt og vandra rundt med dyra sine, og ikkje visste noko av det me veit om teknologi, moderne liv og moderne samfunnsordningar.

Dei djupaste erfaringane har me likevel til felles. Menneske blir fødde, menneske elskar, beskyttar, oppdreg barn og slåst med kvarandre. Menneska erfarer forelsking, Gudsnærver, sjalusi, konkurranse, alderdom og død. Dei mistar dei dei er glade i, og kjenner djup sorg. Dei gravlegg sine kjære og tek med historiane om dei vidare. Dei går gjennom vanskelege tider og kjemper tunge kampar, men livet går vidare og Gud er med. At menneska i urhistoriane blir mytisk/ mystisk gamle, er ein slags parentes i det heile som det finst teoriar om. Det viktige er at mennesket sin livsveg går vidare heilt til livet kjem til ein ende, og menneska ber kvarandre sine liv, og minne om andre sine liv i hendene sine. Ingen blir pensjonert frå eige liv. Ein går vidare og har ein funksjon så lenge livsvegen er der.

Eg hadde ikkje tenkt det då eg begynte å skriva, men eg trur eg skal ta med meg det andre Sagrusten-inspirerte diktet som eg reinskreiv for ein halvtime sidan saman med diktet over. For meg er dette eit fredsdikt, eit miljøverndikt og eit dikt om samfunnsengasjement. Det kan sikkert lesast på andre måtar og.

Eg og Kain

Kvifor ser du ned?
sa Herren
då Kain ikkje ville møta blikket hans.

Eg er då ikkje sett til å vakta bror min
svarde Kain,
framleis med blikket mot jorda.

Eg lurer på om eg ser
dei same spora i molda,
dei same insekta kravlande over bakken
som Kain såg den gongen,
her eg står og ser ned.

Og dersom nokon lurer på korfor eg har med eit bilete av havregrøten eg laga til frokost i går…
Så tenkjer eg at nye dagar, nye begynnelsar og nye krefter er ein fin kommentar til resten av teksten…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget