Blanke ark…
…og ny start for mitt vedkomande…
Etter halvanna år på moncee, og litt over eit år på hypodea, skal eg få lov å bu her. Dette er ein fin stad, og eg er kjempeglad for å vera her, så hallo, alle saman!
Andedräkt,- det høyrest så herleg avslappande ut. – Som ei påminning om å trekkja pusten roleg, og dra anden roleg inn og ut på kvilepuls.
Og ja, eg skriv norsk, nynorsk for å vera nøyaktig, men heldigvis har eg erfaring med at folk forstår meg likevel.
Skulle det vera ord de ikkje forstår, så ver snille å gje beskjed så forklarer eg. – Det lovar eg heilt sikkert. Eg er blitt ganske flink i svensk, men tekstane mine ville tapa seg nokså mange hakk sånn reint litterært, om eg skulle skriva dei ned på det språket…
Eg veit at eg får gode naboar her. Eg har nemleg vore innom her over eit lengre tidsrom og sjekka forholda. Her finst menneske som eg har vore nabo med opptil to gonger før, så det skal nok gå bra.
Elles så sit eg her og småfrys. Vinterkulda har lagt seg over Sør- Vest- Norge ennå me bare er litt over halvvegs i
oktober. I senga ligg kjærasten min og hostar og hostar.
Men skrivebordet mitt er ryddig og fint, og det er det ikkje kvar dag det er…
Resten får de vita sånn litt etterkvart. Gler meg til å bli betre kjend i gatene her.
Heidi
Hejhej! Trevlig att du har hittat hit.
kjempehärligt! 🙂
Tack, snälla…
yes! och jag fattade att du skrev på nynorsk innan du sa det. jösses så bra jag är! ehm…
Skönt att ha dig här…har saknat dina texter 🙂
Morsan: Tusen takk!
Elsa: Visst er du bra!
Så deilig å kunne se deg igjen, og du har rett – her var det fint :o) Klem
Takk, TirNaNoir!