Gå til innhald

Lovnaden:

november 2, 2003

“Eg vil at du skal lova meg noko,” seier yngstejenta og rynkar panna. Eg vil at du skal lova meg at du og pappa aldri skal skiljast.

Spørsmålet kjem uventa, og eg må summa meg litt. Så kjem eg fram til at det eg ein gong har lova framfor Gud og ei heil forsamling skulle eg vel kunna lova til mitt eige hjartegull av ei dotter. “Ja,” seier eg: “Det lovar eg.” “Lovar du det heilt heilt sikkert,” spør ho. “Heilt, heilt sikkert svarar eg trygt.” “Fint,” svarar ho og gjer meg ein klem før ho forsvinn til noko viktigare.

Og utanfor piskar regnet mot rutene, medan vinden i løpet av dagen har rive dei siste haustblada ned frå trea. Eg sit her med litt kalde fingrar og skriv medan eg frys på føtene, sjølv om eg hari tjukke raggsokkar. Ei helg er snart til endes. Nede i stova er det varme på peisen.

Eg skal snart gå ned til dei andre nå.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Cee permalink

    Fint.

  2. Ukjend's avatar
    Kesia permalink

    Jo, du har meg som vitne på at du har lova å vera trufast i gode og vonde dagar! Og eg kjenner djupt inn i sjela mi, at det meiner du! Den lovnaden vil du halda!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Takk, søte Kesia.

  4. Ukjend's avatar
    Kesia permalink

    Eg er så lei meg, for det er tyvär ikkje plass for meg her på andedräkt! Og eg som hadde gleda meg slik! I eit heilt halvt døger! Sukk! Er det ventelistegaranti her? Finnst det forresten venteliste?

  5. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Eg veit ikkje, du må høyra med dei ansvarlege! Hadde vore kjekt å ha deg her!

  6. Ukjend's avatar
    Hilde permalink

    🙂 Synniva er bestast 🙂

Legg att svar til Heidi Avbryt svar