Takk for det gamle:
Det mørknar utanfor.- Lysa tennest i husa og i gatene. Eg sit her og har endeleg kome i gang med noko som var eit av måla for juleferien, nemleg å skriva eit teaterstykke for ungdomane i den eldste teatergruppa. Jan Ivar har allereie laga eit manus av ei Lars Saabye Kristensen novelle frå skulekjøkenet. Eg sit og prøver å få fram eit lite stykke av Christine Nöstlinger si ungdomsbok “Leve Luki”. Det er kjekt å skriva, men eg skulle nok hatt fleire dagar på meg.
Denne nyttårsafta blir litt annleis enn dei fleste i rekka. I mange år feira me nyttår i lag med to par gode vener og ungane deira. Nå er ungane våre blitt så store at dei dreg i kvar sine retningar, og me foreldre må leggja om litt på kursen for å få det til å gå i hop. Odd Christian skal feira i nabolaget i lag med ein stor gjeng gode vener, dei fleste er gutar på hans alder. Ingrid skal vera i lag med Oddvar sine kameratar, og må truleg hentast ein gong utpå natta, for Oddvar bur ei mil frå her. Halvard ringde nettopp frå ein kamerat og spurde om han fekk feira nyttår der. Foreldra til kameraten skulle ha besøk, men han fekk og vera der. Det får me finna nærare ut av.
Kjærasten min og eg skal feira nyttår med naboane rett over vegen. Dottera i huset er venninne med Sunniva, me skal ta det roleg og eta tacos og gå ut sånn etterkvart med kvart vårt stjerneskot. Det passar meg godt. Eg var så trøytt når jula kom, og nå har eg hatt fredelege gode dagar, men med ein eller annan form for selskap kvar dag eller kveld. I går hadde me eit lite juleselskap her heime med masse levande lys og heimebakt gjærkringle med mandler og rosiner og to små godjenter under året gamle. Noko i meg fell på plass når eg får ein baby i armane. Fine røde tulipanar hadde eg og kjøpt, men dei gløymde eg å få inn på bordet.
I dag kom Kirsten på besøk med dei to små jentene sine. Me drakk Cappucino og åt meir kringle, og eg fekk tend alle lysa ein gong til.
Nå er Halvard heimom for å argumentera for å få feira nyttår hos Vebjørn. Han er flink til å argumentera, men me har ikkje heilt bestemt oss… Og eg må tilbake til Luki om noko her skal bli gjort…
Det eg ville var å takka alle som skriv her og alle som les tekstane mine for fylgjet gjennom året som gjekk. Måtte året 2006 bli året for alle gode ting. Varme tankar og gode ynskjer for deg som les dette. Måtte vår jord bli oss venleg, og måtte englane få god plass.
Heidi
Jag önskar dig ett riktigt Gott Nytt År! 🙂
Tusen takk, Smulmia. Så kjekt å få helsing frå deg. Nå vart eg glad. 🙂 Ynskjer deg og eit godt år.
Endeleg skal eg nyta tekstane dine, du kjære, flotte! Godt med motvekt til alt det destruktive, galne som invaderer oss i media.. Tekstane dine minner meg på å få alle desse kvardagane til å leva! Det er du god til!
Varme, goe knib.
Knib tebagars…