Eg kjende det på meg…
…at eg var for trøytt. Plutseleg skjedde det igjen, og fortvilinga bare seig over meg… Det er ein tast eg burde ha lært at eg ikkje må røra når eg skriv tekstar, men eg har viss ikkje funne ut kva for ein. Eg hadde omtrent bare att å trykka “Spara dagboken”, skulle bare avslutta med ei lita replikkveksling… Og så: Borte vekk nå igjen, heile den lange teksten…
Men det var det med å vera søvnig. Det har vore for seine kveldar og for tidlege morgonar, så min kavaler av ein kjærast skal venta på Ingrid og eg skal leggja meg tidlig.
Eg lokka med meg Odd Christian som sjåfør, og kjørde den yngste tenåringen min med to venninner til det store kjøpesenteret. Ho ville så gjerne ha ein shoppedag, for ho fekk mykje pengar i går…
Eg vassa rundt på senteret med eldsteguten min. Me var i platebutikkar og på bokhandlar og hadde det ganske uforpliktande og fritt. Jentene ville nemleg helst gå utan vaksne, akkurat som eg og helst ville det då eg var på deira alder… Og eg fekk den første sommarferiekjenninga. Plutseleg bare kjende eg at nå er sommaren like rundt hjørnet. Det kjendest godt.
Etterpå åt me pannekaker med sprøsteikt bacon, for det fekk dei ikkje på folkehøgskulen. Så skulle eg gå lang tur, gjera masse husarbeid og skulearbeid. Men eg held på å sovna både sitjande og ståande. Såg film med Halvard i staden : “Just like heaven.”
Så nå blir det soving i staden for rydding. Det høyrest herleg ut. Skal ta med ei god bok eg har kjøpt på salg…
Heidi