Vanilje, kanel og kardemomme.
Eg sat med tre barndomsvenninner på fredag og diskuterte parfymar. Mange hadde same erfaring som meg. Ein kjende ei god lukt på nokon, fekk namnet, kjøpte same parfymen for å oppdaga at han lukta heilt annleis på ein sjølv. Eg synest alle parfymar av ein eller annan grunn blir tunge, søte og kvalmande på meg sjølv. Eg måtte stilla meg sjølv spørsmålet: Kva ville eg lika å lukta, og svaret eg fann var som fylgjer: Vanilje, kanel og kardemomme… Nokon som veit rett merke?
Dagen er stort sett i all heilskap via familiefeiring. I forigår fylde Sunniva tretten år, og i overmorgon fyller eg førtifem år. Familien skulle samlast på mellomdagen fann eg ut…
Sidan eg var så søvnig i går vart alt utsett til i dag. Eg var oppe klokka ni. Sunniva og dei to venninnene som overnatta, kom ned klokka ti i pyjamasar og fekk varme hattingsrundstykke. Sjølv laga eg dei til foccaciabrød og bakte eplekake, medan eg høyrde radioprogram om Jakob Sande og gudsteneste frå pinsekyrkja i Tromsø på radioen. Så var det vasking og rydding, dekking av bord, stryking av dukar, koking av blomkålsuppe og steiking av karbonadar. Klokka fire dukka familien opp og me var seksten til middag.
Først langt utpå kvelden var eg kome så langt at eg kunne tenkja på neste skuledag, og først hadde eg eit henteoppdrag. Nå nærmar klokka seg midnatt, og eg sit her på arbeidsromet mitt på jobben endå. Det er nesten litt eksotisk. Så seint har eg aldri jobba før. Nå snik eg meg til litt andedrakt, men det er nok bare eit tidsspørsmål før eg løyser ut innbrotsalarmen for andre gongen i kveld. Får logga ut nå, trur eg. Men det er jo alltid spennande å leva i spenning…
Heidi
Grattis!
Vanilje, kanel og kardemomme, høyrest ut som ein god parfyme. Ville kanskje minne litt om jul. Kjenner ingen merke med akkurat dei luktene, men trur det er ein stad ein kan kjøpe basis og lukttilsetning og mikse sin eigen parfyme. På Body Shop kanskje. Mine favorittar er Dalissime, Mirakel og Escada si sommarduft.
Bodyshop har en serie som heter Vanilla Spice. Den doftar kanel, vanilj och någon mer krydda (tror inte att det är kardemumma dock). Mycket fin doft! Jag köpte en body butter i den serien i julas, och använde flitigt. Men nu på våren känns den lite fel!
Tusen takk for tips. Bodyshop neste.
Vart mest smigra eg, at du ville dufte kanel…. Elles er mitt forhold til parfyme svært anstrengt, iallefall om eg ikkje likar aktuelle sort. Det har med at nokon av oss er utstyrt med ekstrem luktesans. Eg kan altså ikkje ha sorten på meg. Derimot svak heggeduft, nektar frå vårblomar, vått gras, våt jord etter regnskuren… Ut i naturen! Der luktar det best!
Enig i det meste. Og om sommarnettene, då luktar det godt ute då. Spesielt etter at det har regna. 😉