Sorgen og gleden de vandrer til hope…
Gravferda i dag var ei sterk oppleving: Som mannen til den avdøde sa: “Ho var ein person som vart glad i alle ho møtte, og som ynskte alle menneske alt godt.” Dette trur eg er heilt sant. Ho utstrålte ein varme som eg sjeldan har sett i same grad hos nokon, og ho fekk alle til å kjenna seg vel saman med henne. Nye bilete fekk eg teikna på netthinna. Ein av dei som hadde jobba i Etiopia saman med henne før ho gifte seg og fekk barn, fortalde korleis ho hadde pleidd å ri på eit muldyr for å koma seg ut til landsbyane der ho meinte folk hadde mest bruk for hjelp.
Kyrkja var stappfull, og songane var til dels glade songar: “Han er min sang og min glede, han er min Herre og Gud.” Sterkt var det og med ungdomane som stod framme i kyrkja med kvar si rose og ville takka mora for alt det gode ho hadde vore for dei. På føremiddagen hadde det vore nokre heftige regnbyger, og då me kom ut frå kyrkja draup det litt på oss. Etter at forsamlinga stod i ring rundt grava sprakk skydekket og sola sende intense og varme stråler ned på seremonien. “Av jord er du komen, til jord skal du bli og av jorda skal du igjen oppstå…”
Eg har vore innom internett minst ti gonger for å sjå korleis det går med de vesle premature babyen som er blitt sjuk og som nå er lagt i respirator. Eg har fulgt mora sin blogg lenge, teke del i svangerskap og tankar gjennom tekstane hennar, og har vore oppriktig bekymra. Eg har derfor ikkje klart å la vera å engasjera meg i ein diskusjon som går på ein norsk internet-community:
Nokon irriterar seg over at det har blitt så mykje blest kring det som har skjedd, over at folk som ikkje kjenner ho det gjeld privat, har sett banner på dagboksidene sine om at dei tenkjer på henne og babyen. Nokon har brukt uttrykk som å vera sensasjonslystne gribbar, og at folk får skaffa seg eigne liv. Ein uttalte at for han var ein klem via internett null verd, og at den sentimentale omsorgen mange brukte på internett truleg var langt frå korleis dei var i det verkelege livet. Eg kjenner at eg synest dette blir veldig urettferdig for dei som verkeleg har engasjert seg kjenslemessig. Eg trur omsorgen er ekte følt ,og at internettklemmane og bannera er uttrykk for avmakt og ekte medkjensle-
Ein del av oss har dei siste åra fått ein ny type bekjente, folk me “omgåst” på internett. På ein måte blir dei dei nye “naboane våre”, og me deler med einannan av levd liv, erfaringar, bekymringar, trøyst og støtte.
Å seia at dette er ei erstatning for å “skaffa seg eit liv”, trur eg har lite med sanninga å gjera. Dei fleste av oss omgåst veldig mange menneske i det heilt normale dagleglivet og har venner på gammaldags måte og. For min eigen del må eg innrømma at internettrelasjonar er noko eg synest er veldig fascinerande. Her får eg innblikk i liv som er totalt forskjellige frå mitt eige. På den måten får eg kunnskap og erfaringar og nye synsvinklar på livet som eg kanskje elles aldri ville fått tilgang til. I det verlkelege livet har me vel ein tendes til å omgåst mest med folk som liknar på oss sjølve… Eg skriv dette av meg her fordi eg har bestemt meg for å ikkje seia noko i den norske debatten. Alt kan misforståst og det er ein sårbar situasjon som har utløyst diskusjonen.
Klokka fem fekk eg ein sms frå ei god venninne, som plutseleg hadde måtta dra akutt til sjukehuset med son sin på seksten fordi han hadde fått nedsett følelse i ein arm og i halve ansiktet, og utruleg sterk hovudverk. Dei vurderte å undersøkja han i magnet-tomograf, men heldigvis gjekk anfallet over. Dei trur det kanskje var eit migreneanfall, men vil undersøkja han nærare. Eg rakk å bli ganske engsteleg før han sjølv ringde meg for å fortelja at nå var han bra att.
Eg har steikt ein stor stabel pannekaker med steikt bacon, og kokt ei gryte ertersuppe til middag. Pannekakene var til ære for Odd Christian som flytter om to dagar. Og så var det tid for glede og selskapeligheit. Me var inviterte til kaffi og kaker til ære for Gunnar som fyller førtifem-år i dag. Det var mørkt då eg gjekk barbeint heim, barbeint fordi gnagsåra på hælane mine plutseleg var blitt vonde.
I morgon skal eg mala ferdig skapa.
Heidi
Håller fullständigt med om det där du skriver om Internetbekantskaper. De som ondgör sig över fenomenet har nog aldrig provat på det. Själv har jag förundrat mig många gånger över hur jag kan bry mig om människor som egentligen bara är ett namn och skrivna rader på dataskärmen. Hur jag kan göra mig en bild av deras person (sann eller inte) och relatera till den. Märkligt egentligen, men likafullt är det så.
Ja, slik er det. Og eg ser på det som eit mest utelukkande positivt fenomen. Ein kan innvenda at det foregår i ei slags skuggeverd, men samstundes så er ein kanskje opnare og ærlegare i eit slikt forum enn ein er med dei aller fleste i det verkelege livet. Eg opplever nok at folk ristar litt humoristisk på hovudet av meg når eg legg ut om denne hobbyen eller kva i eg nå skal kalla det…