Gå til innhald

Døgnet på hodet…

august 10, 2006

I feriar bikkar eg alltid over i det eg trur må vera min biologiske døgnrytme: Å vera oppe til to eller tre på natta, for så å sova til halv ti eller ti om morgonen. Eg tenkte eg skulle prøva meg på ein snuoperasjon, men då Venus mjaua utanfor vinduet for ein time sidan for å fortelja at nokon måtte koma og opna døra for henne, stod eg like godt opp att.

I går hadde eg og tenkt å leggja meg tidleg, men eg begynte på ei bok av Jonas Gardell som eg hadde funne i ein 25-kroners-bokkasse i sommar. Sidan eg synest Gardell er ein sjarmerande fyr tok eg boka med meg vidare. Eg starta å lesa i går kveld, og kunne ikkje leggja ho vekk. Boka heiter “En komikers oppvekst” eller noko slikt. Eg skal sjekka tittelen og få det rett inn etterkvart.

Boka var så fin, og så hjarteskjerande brutal, at det gjekk kaldt nedover ryggen min. Det var på ein måte ein variant av “Fluenes herre”. Ei bok om eit barnehiarki der dei sterkaste overlever, og dei svakaste går til grunne. Det skar meg langt inn i lærarhjartet mitt å innsjå at dagane kanskje kjennest slik for nokre av dei mange barna eg omgjer meg med til dagleg…

I dag har eg malt med lyseblått igjen. Eg hadde aldri kunna forestilla meg at det var så mykje arbeid med å mala kjøkkenskap. Nå står det att eit strøk til på insida av skuffefrontane og skapdørene. Så kan eg gå laus på veggene…

Juleteaterstykket skreiv seg derimot fortare enn eg hadde drøymt om. Det handlar om julestress, foreldre som vil avlysa jula og eit barn som får fylgja ein hoffnarr og ein engel gjennom ein kjend og ukjend verden av fred og ufred. Narren seier sånn omtrent: Ein narr og ein engel er det menneska treng for å koma seg gjennom jula på ein god måte…

Eg håpar oppdragssgjevar blir fornøgd. Det er ei mest magisk kjensle når noko bare er der klar til å fangast i tastaturet… Men så må eg jo innrømma at eg har brukt litt tid kvar einaste dag i sommar for å tenkja ut handlinga. Ein utfordrande ting står framleis att: Eg skal fortelja oppdragsgjevar kor mykje eg skal ha betalt. Det er det vanskelegaste eg veit. Eg veit det er dumt å underprisa seg sjølv. På den andre sida er eg redd for å virka drisk og grådig, og tenk om det eg har gjort ikkje er bra nok, då er det i alle fall dumt å forlanga for mykje…

I kveld har eg vore ute med Torhild. Først inviterte eg ho på kinarestaurant for å feira at ho fylde år på sundag, og at eg hadde gløymt det. Me bestilte ein trerettarsmeny med haifinnesuppe og hummar. Det smakte utruleg godt, mykje betre enn det eg vanlegvis kjøper der. Etterpå fekk eg lokka henne med til stranda der me vassa i bølgene som var høge og buldrande nå i kveld. Eg let meg fascinera av at havet dunkar med sin faste puls og er på same staden, men likevel aldri er heilt det same frå dag til dag. Kvelden vart avslutta med at me drakk te med Ingrid og kjærasten min heime i sofaen. Det vart ein perfekt kveld. Eg er så utruleg glad for dei fine venninnene mine, og venene mine får eg føya til, for nokre av desse eg set aller mest pris på er menn.

Apropos vener. Dette med bloggar og dagbøker på nettet er merkeleg. Ein blir på ein måte kjent med og knytta til menneske ein slett ikkje kjenner i ordets vanlegste betydming. I dag har mange tankar gått til Antiqueen, ei ung norsk kvinne som akkurat nå ligg på sjukehuset med eit nyfødd barn. Både ho og barnet er sjuke, og dei finn ikkje ut kva det er. Det er rørande å sjå dei lange listene av kommentarar i dagboka hennar frå folk på nettet som ber englar og alvar verna den nyfødde og kryssar fingrar og tær for at det skal gå bra.

I morgon skal eg i gravferd til eit av dei varmaste og mest strålande menneska eg har møtt i mitt liv. Ho var dagmamma for Ingrid då ho var lita, og ho har alltid stillt opp for alle som treng det. Den yngste dottera hennar er bare litt over tjue år. Så trist å mista mor si så tidleg. Verda blir fattigare når slike som Reidun takkar for seg. Kreften fekk overtaket, men eg veit at både ho og familien var heilt sikre på at ho skulle heim til Gud.

Om nettene er skrivetrongen sterk. Trur likevel eg skal stoppa her før teksten blir uoverkomeleg for dei som har lyst til å lesa. Kveldane er i ferd med å bli mørke att… Men endå er me tidleg i august. Den mjukaste månaden som finst.

Heidi

From → Uncategorized

11 kommentarar
  1. morsan permalink

    Dina texter kan aldrig bli för långa

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk, morsan. Slike ting tek eg rett til hjartet {3

  3. May Brit permalink

    enig med morsan. etter å ha lest tekstene dine er det som jeg har opplevd det samme. takk for deilig mat – tur i sjøkanten og god te med ei av dei flotte jentene dine 🙂

  4. Tintomara permalink

    Håller med morsan och May Brit.

  5. Heidi: permalink

    Nå blir eg så oppgira at eg får lyst til å skriva ein ny lang tekst 🙂

  6. Tintomara permalink

    Ja, gör det!
    Passa på nu när du är ledig. (Själv börjar jag på måndag, fast det blir mjukstart utan elever i en vecka. Men ändå.)

  7. Heidi: permalink

    Me startar på torsdag, utan ungar me og. Dei kjem om ei veke. Trekkja pusten djupt og ta sats…

  8. Torhild permalink

    Takk for kjekk kveld,ja! Me er heldige som «har» einannan»

  9. Heidi: permalink

    Ja, det er me Torhild.

  10. Antiqueen permalink

    Jeg er innom i blant ,)

    *stor klem*

  11. Heidi: permalink

    Men Antiqueen, så kjekt å sjå deg her. Stor klem tilbake!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: