Ingen er så trygg i fare…
I dag var eg me på noko som var heilt nytt for meg. Det fekk meg til å gråta for tredje gongen denne veka. Er eg i ferd med å bli eit nytt og meir sentimentalt menneske?
Eg har vore på barnevelsigning i frelsesarmeen. Gerd og Borghild skulle dit i samband med at eit barn i familien deira skulle velsignast, og dei spurde om eg hadde lyst til å vera med. Då kjærasten min høyrde kva eg skulle ut på, hanka han med seg kameraet og ville i frelsesarmeen han og. Det var fullt i lokalet då me kom, og me vart ynskte velkomne av ein liten gut med songbøker.
Til vakker musikk fekk me sjå ein biletserie om eit lite ufødd barn på storskjerm framme i lokalet. Det var desse heilt utrulege bileta frå inne i livmora som alltid får meg til å undrast på korleis i all verda dei kan få til å laga med naturtru fargar der inne frå mørkret.
Etterpå kom tre bestemødre fram og tende lys for dei tre nyfødde, rosa for jentene og lysblått for guten. Så las dei kvart sitt bibelvers for barna. Barne vart velsigna framme på podiet av ein mann i uniform som haldt dei slik at me kunne sjå dei og det vart bedd for liva deira og at dei måtte skånast for alt vondt.
To av bestefedre, begge i frelsesarmeuniform kom fram og song duett for barna. “Ingen er så trygg i fare. “
Det var noko nakent ved det heile som rørde meg djupt.
Så var det alt det strengemusikk med mandolin og gitar og godt vaksne folk med glade ansikt og med alvorlege ansikt. Barna i lokalet fekk koma fram og synga for babyane som hadde blitt velsigna. Som takk for innsatsen fekk dei ei eske drops kvar som dei vart oppfordra til å eta under talen.
Under kollekten song me ein song som eg kan frå eg gjekk på sundagsskulen. Eg trudde han forlengst var gått ut på dato for kva som var politisk korrekt:
Så vil jeg da være så hjertegod og snill mot alle her.
Vil vise hvor glad og fornøyet Guds lille barn dog er.
Et solskinnsbarn, et solskinnsbarn,
Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn.
Et solskinnsbarn et solskinnsbarn, ja det vil jeg være for han.
Som sagt, eg plar aldri å vera i på slike møte, men det var godt å vera der. Eg vart rørt over dei nyfødde barna, og over alle dei som stod der i uniform og vil bruka livet sitt til noko så lite fancy som frelsesarmeen med alt det som det inneber. Det må framleis vera håp for verda.
Og nå vil eg ta Sunniva og ei venninne med til sjøen for å bada. Etterpå kan det tenkjast at eg inviterer nokon hit på vafler og eplekake.
Heidi
ja det var kjempekoselig på frelsen, bestefedre i sang var flott ja!!