Gå til innhald

Når hausten kjem…

august 16, 2006

…og sistkveldskløva henta, då ska e takk for sommarn som e fekk…

Eg sit her klokka eitt på natta med kvitmaling på fingrane og malingsflekkar på den utvaska blå T-skjorta og den blomstrete kortbuksa. I dag er det siste kvelden eg kan sitja oppe lenge og vita at eg kan sova lenge… I overmorgon er ferien slutt, så det ville ha vore heilagbrøde å gå og leggja seg…

Dagen har vore ein god og roleg dag i forkant av semesterstart. Eg har vore på møte på skulen om alle teaterstykka me skal jobba med i år. Det kjennest godt å ha det på plass. I tenåringsklassen på drama har me bestemt oss for å jobba med klassikarar i år. Det høyrest ganske sprekt ut, så eg håpar me ror det i land.

Verdens mest serviceinnstilde optikar bur i min eigen vesle by, det er eg overbevist om. I løpet av det siste halve året har eg kome tre gonger fortvila til han:

Eg kom med ei brukken brilleinfatning: I staden for å benytta anledningen til å prakka på meg dyre nye briller som eg bare måtte ha, fann han ei litt mindre innfatning han hadde på sal og skar dei gamle glasa til så dei passa. Dette gjorde han på overtid, og i mellomtida fekk eg låna eit par briller slik at eg kunne sjå.

Eg kom med eit par kringlevridde briller som resultat av eit basketak med ein elev som hadde ein dårleg dag. Brillestengene peikte i kvar sin retning og heile innfatninga var bøyd og forvridd. Han varma dei opp og bøydde dei på plass som gratis service og bad meg helsa eleven.

I dag kom eg med ei brekt brillestong igjen. TIlsynelatande utan grunn bare brakk ho i går kveld då eg skulle ta av meg brillene. Han sjekker då ut om han har eit par briller i butikken han kan skru ei stong av, men ingen passar. Mannen ringer leverandøren og spør om å få tilsend ei ny stong, og det lovar dei å gjera. Så tek han brillene mine med inn på verkstaden, spjelker og teiper slik at brillene blir brukbare til eg får ny stong i morgon.

Elegant i taklinga var han og sist eg var til synstest. Han sat med sånn lampegreie og lyste leeenge inn i auget mitt.

Eg: Nå må du enten slutta å lysa eller fortelja korfor du
gjer det. Du skjønar: Eg er hypokonder og
begynnar å lura på om du ser ein svulst der inne.

Han: Neidå, neidå, neidå. Dette ser så bra ut så. Eg må
bare ta meg god tid og gjera jobben skikkeleg…

Eg: Beklagar. Det er sikkert det tåpelegaste utsegnet
du har høyrt på lenge…

Han: Neidå, ikkje i det heile tatt. Eg er hypokondar sjølv
og skjønar akkurat kva du meiner

Eg utropar med dette optikaren min til min kvardagshelt.

Jan Ivar, min kvardagshelt nummer to i dag, kom innom i ettermiddag for å driva medisinsk kattebistand:

Cleopatra, den korthåra katten vår har sidan i vår av og til vist blunkehinna på auget. Dette tyder på eit eller anna helseproblem, så me har kontakta dyrlegen som ordinerte ein ormekur fordi det kunne vera problemet.

Greitt nok å seia, men å få i henne tabletten har vist seg å vera umogleg. Ho finn han godt gøymt i yndlingsrettane sine, og spyttar resolutt ut. Jan Ivar lova oss å gje assistanse, men i det han ankom huset må katten ha hoppa ut eit eller anna takvindu, for ho var som sunken i jorda. Lille langhåra Venus var derimot heime, og for sikkerheits skuld fekk ho tablett ho og. Jan Ivar demonstrerte roleg korleis han haldt katten, fekk inn tabletten og fekk ho til å svelgja. Det såg kjempelett ut, og katten mol fornøgd medan han utførde operasjonen…

Sjølv om me bestakk eksperten vår med kaffe, is og eplekake for å halda på han lengst mogleg, fann ikkje den forsvunne katten det for godt å dukka opp. Me lokka og leitta og ropa, men ingen Cleopatra.

To timar seinare kom ho slentrande ,og kjærasten min og eg hadde jo lært korleis det skulle gjerast… Me sette i gang, den eine haldt og den andre stappa inn. Men katten låste kjevene fast igjen. Då me klarte å bryta opp munnen freste ho og spytta ut. Til slutt var me redde for å brekka kjeven eller nakken på henne i forsøket, så måtte la henne gå… Tabletten ligg ein trygg plass i fall helten med dei rette handgrepa dukkar opp att…

Bonusen med besøket var at Jan Ivar hadde med seg vesle Hedvig. Ho er i ein utruleg nydeleg utviklingsfase og sat med store auge i kvit sommarkjole og med små nakne føter på sida av meg i sofaen, og studerte ivrig alt ho fekk i hendene. På føremiddagen fekk eg besøk av Jon som hadde med seg vesle Vetle som er eit par månadar eldre. Han var så langt komen at han slapp taket i bordet og stod og svaia og vakla i dei første prøvande forsøka på å gå på eigne bein. Så de som lurer på om det ikkje er på tide å skru ned trappegrinda frå trappa mi: Eg skjønar ikkje kva de meiner…

Elles så har eg handla litt og malt på kjøkkenet. Eg har høyrt på jazz og blues og knaska i meg frosne bær rett frå fryseboksen. Og før eg lukka døra, fekk eg dekka til geleskålene med jordbær og bringebærgele som Ingrid har gjort klar til i morgon. Det er ille nok for myggen å bli sitjande fast i våt maling om dei ikkje skal drukna i varm gele og…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. morsan permalink

    Fnissar lite åt försöken med avmaskningstabletten. Vissa katter (hundar också för den delen) är hopplösa. Finns det inte som flytande? Det finns det här och det brukar vara lättare att spruta in i mungipan 🙂

  2. Torhild permalink

    Ein optikar etter mitt hjarte!

  3. Heidi: permalink

    Og i dag var eg og henta brillene. Den snille optikaren insisterte på å gje meg ein skikkleg kvittering slik at eg kunne be om erstatning på arbeidsplassen…
    Og, ja Morsan. Jan Ivar kom tilbake i dag for å jalda fram trillaren med katten og tabletten. Det var meininga at eg skulle stå for medisineringa medan han rettleia meg, men etter litt spytting og fresing var det han som måtte stappa inn tabletten medan eg haldt katten. Eg har katteklor på den eine armen, men Cleopatra måtte til slutt gje tapt og svelgja. Godt at det er gjort etter fleire månadars tafatte forsøk med smuldring i kattemat som aldri blei rørt og andre forsøk på maktkamp og tvangsmedisinering…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: