Gå til innhald

Flink jente?

november 29, 2006

Ein av desse dagane som er timeplanlagde frå start til slutt…,Morgonmøte med rektor, sosiallærar og eit foreldrepar,,seks timers undervisning, vekeplanlegging, tre foreldrekonferransar og lesing av eigne dikt på eit psykiatrisk kontaktsenter…

Eg er dårleg på på å bli ferdig med foreldrekonferransar til rett tid, fekk dårleg tid, og skulle skunda meg. Rygga rett inn i støtfangaren på ein annan bil på perkeringsplassen. Ti minutt til eg skulle vera klar som diktlesar. Eg prøvde å ringa oppdragsgjevar, som ikkje tok telefonen… Eg såg ingen bulkar på nokon av bilane, og skreiv lapp i full fart og festa på frontruta til den andre… Ein lapp frå ein konvolutt med utruleg stygg skrift:

Eg er veldig lei meg.
Rygga inn i bilen din.
Sjå om noko er øydelagd og ring meg.
+ namn og to telefonnummer.

Eg har ikkje høyrt noko endå. Håpar på det beste. Diktlesinga gjekk bra. Men skjelven er eg framleis…

Tenk om det hadde vore eit barn som stod der, og ikkje ein bil…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Kära du, ett barn hade du sett! Rent automatiskt! Och ungen hade ju annars kunnat flytta på sig, det kan inte bilar, ja, inte av sig själva i alla fall. Men det ÄR skärrande när det händer sånt där.
    Kram!

  2. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Kjæraste Heidi! Godt at englane dine greier å halde fylgje med deg!Eg er framleis høg etter fantastisk dag med Dronning Sonja – og overrekking av skuleprisen hennar!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Fortel meg om dronninga!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Og forresten, Tintomara… Orda dine gjorde godt.

  5. Ukjend's avatar
    Skylla permalink

    Ja, barnet hade du sett. Säkert!

  6. Ukjend's avatar
    Mary Jackson permalink

    Google is the best search engine

Kommenter innlegget