Gå til innhald

Teatralsk advent-tid:

desember 9, 2006

For sidan sist har eg:
Sett prøveforestilling av Jan Ivar og Frank Robert sitt stykke “Okse og Esel” i lag med drama-elevane mine.

Vore på det store teateret inne i byen og sett stykket “Skyfri himmel,” i lag med kjærasten min og ein gjeng kollegaer.

Hatt først ein heil dag med prøver og så ein heil dag med forestillingar på skulen min. Me hadde med oss syttifem av sjette-og sjuande klassingane våre, og viste forestillinga “Dei heilage tre narrane,” for til saman ca tolvhundre menneske. Slike dagar er hektiske og fantastiske. Me set sikkerheitsnåler i kostymer, fikser sminke og diverse hårfrisyrar, trøystar oppmuntrar og gjev gode råd, samtidig som me gjer alt me kan i siste liten for å få til ei flott forestilling. Mi oppgåve når me er kome til forestillingane er å sitja på første benk for å kunna sufflera og dirigera litt det som foregår på scenen om det skulle trengast. Alt gjekk heldigvis bra, og stjernedansen rørte meg til tårer kvar einaste forestilling.
Me er eit team som har jobba saman om desse teaterprosjekta dei siste sju åra. Me kan ulike ting, og er så drilla på samarbeid at me får til ting i lag som ingen av oss ville vera i nærleiken av å få til aleine.

I tillegg held eg og Jens på og øver inn ei foreldreforestilling med fjerdeklassingane våre, som me skal visa på måndag. Alle nødvendige ingrediensar til ei juleavslutning er på plass: Vakker barnesang, tende stearinlys, Josef, Maria og vise menn. I tillegg har me laga ein liten avdeling som heiter Jul i Kardemommeby der Kasper, Jesper, Jonatan, Tante Sofie,politimester Bastian og ein talande kamel syng om det å feira jul…

På tysdag i dei siste timane skal me ta med oss ei gruppe elevar til kyrkja for å øva på teateropptrinn til julegudstenesta… Me skal ha ein versjon av “Den gamle skomakaren” av Tolstoj, der eg fortel og ungane spelar replikklaust teater. I tillegg skal Jens koma inn med ein kamel og vera ein vismann som fylgjer ei ukjend stjerne.

I tillegg til dette alt dette var eg på julebord med jobben i går, og det kan jo vera teatralsk nok i seg sjølv…

Nå i helga brukar eg ein del tid på å oversetta, og på å gjera klar stykket til den eldste teatergruppa vår. Me har eit dansk råmanus, som er ei moderne utgave av Jeppe på Bjerget.

Og i morgon skal eg på ei heilt ekte forestilling av “Okse og Esel” saman med yngstejenta mi. Og så reknar eg med å leggja inn ein kyrkjekonsert om kvelden. Med andre ord. Då skal eg først og fremst oppleva og nyta det andre har øvd inn…

Ha ei framleis god adventtid!

Kvar morgon set eg i mørket i klasseromet med eit brennande adventlys og syng denne songen:

Tenn lys, eit lys skal brenne
for denne jorda vår
den blanke himmelstjerna
der vi og alle går
omkring og deler vona
at gode ting skal skje.
Må jord og himmel møtast,
eit lys er tend for det.

Og etterpå blir det forteljingar, framleis i tusmørket.
Advent er det vakraste me har i skulen.

Heidi

From → Uncategorized

12 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Gode Heidi!Innhaldsrike dagar med mykje påfyll! Advent er alt godt på ein gong! I ettermiddag var eg på Havanna badeland saman med Aspervika skolkor og song inn jula – ganske spesielt – og med badetøy under kor t-skjortene! Igår var eg med husbonden på julebord – og opplevde å bli budd opp til dans av ein kar som insisterte på at eg skulle føra!!! Han hadde eit stort utviklingspotensiale på takt og rytme…
    Idag har jenta mi og eg handla utstyr til å lage julegåver.Gled deg!

  2. Heidi: permalink

    Eg gler meg. Og er ikkje eit sekund i tvil om at du er i stand til å føra kven som helst.
    😉

  3. May Brit permalink

    Jeg bare elsker disse bloggene. Blir rørt til tårer hver gang! Det er fantastisk med alle teater og dramastykkene dere setter opp. Det er så viktig arbeide og setter så mye i gang hos så mange. I går var jeg og så «Til døden skiller oss ad» med Sverre A. Ousdale og Kjersti Holmen. Det var et mesterverk!!!!!!!! Etterpå var jeg i jensetselskap hos en venninde som feirer at hun blir 40! Det er så deilig å komme ut og være en del av livet igjen!!!! Jeg er så uendelig takknemlig for den engelen som «pikket så hardt » på skulderen min slik at jeg fikk fjernet kreften. Det ble fleipet i går om det å eldes – det å ikke ha liv. De skulle bare kjent den famtastiske følelsen det er få vite at du skal få leve – når du i en fase har blitt utredet for å få klarhet i hvor mye mer din fysikk holder, hvor lite betydningsfult alder er i det perspektivet….. Nyt øyeblikkene – de er selve livet – det å komme i møte å lage vakre melodier i samspill med mange forskjellige medmennsker. Hver melodi er unik – for den melodien kan bare oppstå mellom deg og den du møter! Ingen andre enn de to som møtes kan nå akkurat den musikken – for det er de møtendes energier som møtes og smelter sammen. Energier som farger den enkeltes opplevelser fra fødsel til møtet….

  4. May Brit permalink

    Torhild! Har jeg noen ganmg sagt deg hvor vakker blomst du er – med så mange og sterke farger – nydelig smeltet sammen 🙂

  5. May Brit permalink

    litren skriveleif…Energier som er farget av den enkeltes opplevelser fra unnfangelse til møtet…

  6. morsan permalink

    Heidi, kontakta mig snarast!
    racingmorsan@bredband.net

  7. morsan permalink

    Hoppas den mailadress jag fick stämmer 🙂

  8. Torhild permalink

    Takk May Brit – sterkt å bli assosiert med blomst:) Du uttrykker deg elegant og musisk – det er nesten som jeg hører melodier når jeg leser det du skriver! Du makter virkelig å skrive om livet på en fantastisk måte!Takk skal du ha:)

  9. Heidi: permalink

    Takk akal du ha morsan. Eg fekk meldinga di og har svart på mailen. Takk for omsorgen du viser. Klem.

  10. morsan permalink

    Fått svaret och skickat vidare. Kram till er också

  11. Leif permalink

    May Brit, oppdaget igår at det er Disneyland i California!

  12. Jeffrey Hoffman permalink

    Google is the best search engine

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: