Gå til innhald

Ei skål for det usagde!

januar 12, 2007

Eg løftar kaffikoppen min, for eg skålar helst i kaffi. I dag vel eg den aller minste, den kvite med dei raude hjartene på, som eg fekk av eit av barna mine til jul ein gong i tida om eg hugsar rett…

Korfor skulle då eg som er så glad i ord skåla for det usagde?

Eg har filosofert ein del over dette med ord. Dette med å finna ord. Og eg har filosofert litt omkring alle desse tinga me går rundt og veit, utan å bruka ord på det me veit.
For viss me kjenner etter veit me mykje. Me ser og høyrer, tenkjer og føler, observerer og erfarer.

Så lenge me ikkje seier ting høgt, finst dei bare som ordlause sanningar eller som moglege hypoteser i ei verd som ikkje finst, på det same planet som det der orda finst.

Ein seier ein skal få trolla fram i lyset så sprekk dei. Men ikkje alt er troll. Noko er fint og vart, og noko er klarsynt og ubehageleg. Kanskje skulle me kunna finna ord som passar, kanskje ikkje…

Den dagen me seier orda høgt finst dei. I oss og i den me seier dei høgt til. Ofte finn me ikkje dei rette orda, og det som kunne vore fint og varmt, eller lite og taggete, får den skjebna å finnast i ein misforstått og farleg variant. Når dette er sagt. Det er spennande å leita etter orda, prøva dei ut og halda dei fast saman med nokon du stoler djupt og initenst på. Sjølv om du legg eit ansvar på den som lyttar: Dette å ikkje la orda fly ut i den verda der dei kan gjerast flate og stygge, og der dei kan misforståst.

Som alltid når eg er litt ekstra filosofisk, så lurer eg på om orda mine når fram… Kanskje det eg nå har sagt er tankar som i fylgje min eigen teori hadde tent på å forbli usagde…

Eit menneske eg er glad i sa ein gong omtrent dette til meg: “Det er mykje eg kunne hatt lyst til å seia til ein eller annan, men eg har kome fram til at det truleg er klokast å ikkje gjera det…” Dette pirra sjølvsagt nyssgjerrigheita mi optimalt… Og dei som kjenner meg veit at eg ikkje ville hatt spesielt mykje i mot å vera “ein eller annan”…

For å dra dette til jorda med trygge gode kvardagsord:
I dag har eg fri-fredagen min, og eg nyt det i fulle drag. Nytinga begynte alt i går kveld då eg var ute og åt salat i lag med to venninner og visste at heile dagen som skulle koma var min og bare min.

Likevel måtte eg opp og få ungane i veg. Halvard kasta opp på skulen i går og måtte kjørast heim av Aller Kjæraste Syster som tilfeldigvis var i nærleiken. Sykkelen hans vart ståande att på skulen, så eg hadde lova å kjøra han dit i dag. Eg var så trøytt at eg var kvalm, så eg stod opp og lova meg sjølv at eg skulle få sova meir så snart ungane var på skulen. Under frokosten og kjøreturen briefa eg Halvard i Kalmarunionen og Hanseatveldet som han skulle ha prøve i i dag. Han er kvikk til å læra ting, som han truleg kjem til å gløyma att i morgon. Sidan eg skulle kjøra likevel, vart bilen fyld opp meg ungar og ungdomar som var glade for å sleppa å sykla og gå i det stadig trufaste regnveret.

Vel heime sovna eg att og sov i to og ein halv time. Fortumla og ør kom eg meg opp og laga ein ekstra god frokost ut frå dei rammene eg for tida forheld meg til. Eg las avisa og drakk kaffi med eit tend lys framfor meg. Lykke og glede!

Dette har eg og gleda meg til. Det å laga tekst på andedrakt. Snart, men ikkje heilt endå skal eg ta fatt på alle må-tinga som eg har lova meg sjølv å gjera i helga. Eg skal ta ut juletreet som har stått ei veke på overtid. Det har faktisk ikkje begynt å dryssa endå, og luktar friskt av gran, men eg innser at det er på tide. Mesteparten av englane skal pakkast ned og, men nokre av dei skal få stå, for i stova mi er englar velkomne året rundt.

På spisestuebordet står Ingrid sitt siste verk frå formgjevningslinja. Dei skulle laga eit moderne uttrykk basert på middelalderkunst. Ho har laga ei stor byste av ei svart madonna i pappmasjé med Paris Hilton sine trekk. Paris har fått stor sølvglorie av papp og er ganske imponerande. Kanskje ho kan få plassen til jule-englane?

Så skal eg få på plass ti kilo med klede eller så. To tredjedeler ligg fint bretta saman på golvet i kjellerstova fordi eg bretta dei medan eg såg Krøniken på TV for mange kveldar sidan. Seinare har eg ikkje hatt tid…

Av alle dei merkelege tinga eg har tenkt å gjera i helga er kanskje det aller merkelegaste at eg har lova å laga tekst til “Mor Aases død” i Peer Gynt suiten av Edvard Grieg. Alle tiandeklassingane i kulturskulen skal ha ei konsertframføring av Peer Gynt i mars og eg har ansvaret for denne songen, for det dramaturgiske og for tekstane dramaelevane våre skal framføra.

Så skal eg omsetja ein del tekstar frå nynorsk til bokmål. Eg har vore med på å laga eit opplegg for skular og barnehagar i sosial kompetanse, og nå er det nokre bokmålsskular som er interesserte i å kjøpa det. Så må eg begynna å memorera Esters bok, som eg skal framføra ein plass fjerde februar. Det er sære ting eg syslar med.

Nå ringde Jan Ivar og spurde om eg tok i mot besøk av eit stort og eit lite menneske ute på hjul… Sjølvsagt!

Og så sit eg her att etter å ha fora Jan Ivar og gullungen med risbollar og krumkaker. Veslejenta hadde genser med rosa og lilla striper, musehalar på toppen og peika kokett med ein liten finger når det var noko ho hadde lyst på…

To litt rare ting har lyst opp det siste døgnet mitt. Sjølv om eg er ganske flink til å akseptera at det er slik det er, så blir eg av og til frustrert over alle dei tinga eg så gjerne ville ha gjort, men aldri rekk. I går fekk eg eit brev der ein mann fortalde meg at kona hans døydde i sommar, og at ho hadde blitt så glad i ei av salmene mine. Han hadde difor laga ein eigen melodi til denne salma, og sende meg denne saman med eit brev. I dag fekk eg ein telefon frå ein ukjend mann som fortalde at akkurat den same salma hadde betydd så mykje for han. Han takka meg fordi eg hadde skrive denne teksten og spurde om lov til å foreslå at ho blir teken med i den nye salmeboka som er under arbeid.

Eg blir fylt med glede og undring kvar gong slike ting skjer. Det er så fint og så merkeleg å oppdaga at noko eg har fått festa til papiret kan ha reell betydning for andre menneske. Ein gong eg kjende meg litt tilkortkomen gjekk eg ned på kjøkkenet, fylde kaffikoppen og sette på radioen heilt tilfeldig. Etter ca eitt minutt høyrde eg eit kor synga ein tekst eg har skrive…

Slikt er forunderleg. Då bøyer eg meg for høgare makter.
Ha ei god helg.

Heidi

From → Uncategorized

12 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    det er så herlig å være i din verden for et øyeblikk- Takk!!
    Hatt en herlig dag selv. Et par timer med min eldste prinsesse på salg i Sandnes. Noen gode ord og en fin samtale med Roffen som berørte noe i oss begge. En god kopp varm kaffe, nystekte vaffler og en god og nær samtale med en av mine engler som Gud har sendt meg. Nå har jeg nettopp fyrt i ovnen og min to døtre har benket seg i sofaen og ser på Heaven. En bra serie med god moral og ionnføring i mellommenneskelig relasjoner og kompetanse. Jeg skal finne meg en god bok oggsette meg ned med dem. I kveld skal jeg til en annen engel som jeg har blitt tildelt. Til jentekveld med god mat – rødvin – stearinlys og fortrolige samtaler om det å være i livet…

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Du er velkomen i verda mi når som helst! Faktisk så har du eit eige rom der 🙂

  3. Ukjend's avatar
    borghild permalink

    alltid kjekt å lesa bloggen din!

    god helg 🙂

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Borghild: Du og, mi kjære.

  5. Ukjend's avatar
    leif permalink

    hei kjæresten min, helt enig i at husrydding og vask ikke er det spesielt viktig, vi er nokså samstemte der, og har klart oss gjennom 21 år med støv i krokene.

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Hei, du min kjære englandsfarar. Sa eg i denne teksten at husrydding og vask ikkje er spesielt viktig?? DU må ha evna til å lesa mellom linjene…

  7. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Når ei solstråle ligg att og brenn i oss. Når ein heilt valnleg gråversdag har stjerner over seg. Når nokon har sett at vi er til. Kanskje var det berre i forbifarten. I travelheten. Eit uventa smil, ein open varme. Kanskje var det en omfavnelse, kanskje berre eit sekunds stogg. Nokon som hugsa noko godt og takka. Nokon som rørte ved oss, kanskje ubevisst. Vi kjende oss famna inn, kjende oss overdryssa av varme. Våga sleppa gleda eit ørlite steg fram. Våga kanskje sjøl dryssa stjerner, dela ut varme, gje smil, røra ved… Måtte vi nøra elden i kvarandre. (Bente Bratlund Mæland)

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Vakkert!

  9. Ukjend's avatar
    Per permalink

    Hei Heidi. For å bryte vinkelrett inn i solstrålediskursen: Hvorfor slurver du så fælt med komma? Gjelder det andre kommaregler på nynorsk?

  10. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det er fordi livet er for kort til å lesa gjennom innlegga sine 😉

  11. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Du skriv slik at ein kjenner elden vert nøra! Så heldige me er – midt i det levande livet – med mange kring oss:) Takk til May Brit for diktet – det er på ein måte poetisk omtale av Heidi!

  12. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Du og du 🙂 Men Per fekk meg til å rette kommafeila 🙂

Legg att svar til Per Avbryt svar