Forsov meg til sundagen.
Kvelden i går vart veldig triveleg. Og natta var allereie lang og lys, men ganske kjøleg etterkvart. Synneva hadde tend levande lys rundt fiskedammen i hagen, og livet var vakkert sett frå verandaen.
I går ettermiddag måtte eg innom fleire butikkar for å få tak i det eg trong til fingermaten. – Og då eg var ferdig med å rulla saman og pakka inn fenalår og laks i basilikumblad, med snøfrisk på tortillas med tannstikkere gjennom, røykelaks i same slags pyjamas, honningmelon i spekeskinke og plommetomatar med basilikum og Brie, var klokka plutseleg alt for mykje. Det var bare tjue minutt til me skulle vera der, og eg hadde ikkje stroke kjolen eller leitta fram ei heil strømpebukse…
Då eg skulle festa ein enkel tulipan til gåva med tynn fiskesen, fann eg den etterlengta bilnøkkelen min i skuffa med trådsneller og nåler. Der hadde eg ikkje hatt fantasi til å leita, men hugsa at då eg hadde det som travlast på torsdag fann eg fram nål og svart tråd for å nesta igjen eit lite hol… Så var det mysteriet løyst…
Og klesvasken som var tørr hadde eg ikkje tid til å få inn.
Det skulle visa seg å straffa seg…
I dag forsov eg meg til sundagen. Eg vakna klokka halv tolv, noko som normalt aldri skjer, men det har vore høgt tempo og for lite søvn dei siste vekene. Då eg vakna, registrerte eg at det høljeregna ute etter fleire veker med fint ver… Så klesvasken vart ikkje blitt tatt inn sjølv om det altså var sundag. Får ikkje håpa at nokon i gata har hatt konfirmasjon eller teke anstøt på andre vis…
I dag har kjærasten min og eg drukke kaffi hos mor og far. Ingen av ungane hadde tid til å vera med, så eg har sitte i sofaen til mor og brodert bunad heile ettermiddagen. Det var deilig og avslappande.
Og nå må omtrent alt som finnest av grøne tre ha sprunge ut. Saman med kvite plommetre, kirsebærtre og desse rosa japanske trea, så blir inntrykka så sterke at ein mest kan mista pusten… Men regnet kjøler unekteleg det heile eit par grader ned.
Og nå har eg lova å sy saman Halvard sin Chelsea-ransel som er i ferd med å gå i oppløysning. Lupinfrøa får ligga i vatn til i morgon…
Eg tek med dagens gulkorn frå Martin Lönnebo til allmenn oppbygging:
“Den som er høgt elska reflekterer lyset.”
Heidi
Takkar for alle tekstar i mai, helg og kvardag hand i hand. Eit vell av tankar, vér og vind- og vidd(e)(r) i betraktningane dine. «Vår daglege Heidi.»Ein les og les og er med, i alt som skjer. Gullkorn, sjølv når dagen går imot- og tida fyk av garde, utan at ein har fått gjort det som gjerast skulle.
Og så dei vakre salmane dine, du kunne gjerne samla dei i hefte/bok, evt saman med dikt og tekstar. Eg skulle ha kjøpt mange, for å suga inn orda- og for å ha dei til gåver. Ordet si makt er uvurderleg, -«Av ord er du komen, til ord skal du bli
Av ordet skal du ein gong
stå opp att til nytt liv»
Takkar igjen for Ordet- frå din skarpe penn, i desse maitider,
der me alle potlar med vårt, stort eller smått.
«Så lenge orda strøymer på
eitt for eitt
er eg eit levande tre
i den store ordskogen»
Måtte mai vara lenge, lenge-
slik fridomsdagen i dag, åttande mai, har prega land og folk i lange tider. Ein dag til refleksjon og ettertanke-
«Fridom og fred 8.mai 1945»-
slik som ein ung landsens gut i pur glede rissa inn i ein stor stein langs Søredalsvegen, eit stykke ovanfor Sviland. Dei står der ennå, orda- og lyser mot oss i kvardagen. Ordet som fridde folket ut or mørket. «Den som er høgt elska, reflekterer lyset.» (ML)
Takk, du kjære oppmuntrande person 😉 Måtte mai vara lenge, lenge…