Gå til innhald

Kor skal din veg gå, mitt barn?

mai 5, 2007

Eg har site her og skrive på ein song eg er utfordra til å laga. Det er ein song lagt i munnen på Josef som ser på Jesus. Eg har fått tilsend ei lydfil, og utfordringa mi er å laga tekst som harmonerer med rytme, melodi og tema. Eg anar ikkje om komponisten kan bruka det eg har laga i dag, men eg har nå send han eit førsteutkast.

Samarbeid er fine saker. Då tenkjer eg på den typen samarbeid der ein saman med nokon får til eit resultat som ingen av partane hadde hatt nubbesjanse til å få til aleine. Slikt samarbeid er eg involvert i ganske ofte, og eg elskar det.

Ein heilt annan type samarbeid, som kan vera vel så krevjande, er det samarbeidet der fleire partar som kunne fått det heile til vel så bra kvar for seg, har fått i oppgåve å få til eit resultat saman. Den typen samarbeid skal eg ikkje reflektera noko djupare over her og nå.

Det er lørdag, og fridagen min spring i frå meg. Det er så mykje som burde, skulle, kunne ha vore ordna… Eg har vaska klær og hengd fint ut på stativet. Eg har vore innom onkelen min og plukka heim blomar til helga. Mellom anna har eg bittesmå liljekonvallbabyar i eit blått stetteglas på spisestovebordet. Det blir spennande å sjå om eg klarer å driva dei fram…

Lupinfrøa ligg i vatn. Eg les på pakken at dei først blømer neste sesong… Når det gjeld hagearbeid er eg ein varm tilhengar av alt som går lynraskt, men som ser fint ut likevel…

Så har eg vaska skapet på badet, for det er slike avslørande glasdører på det, og eg har tenkt i uendelege tider at det må eg få gjort…

Eg innser at tempoet mitt på andre frontar ikkje harmonerer heilt med det å fiksa hus og heim på anstendig norsk husmorvis. Men alt er prioritering. Same kva ein fokuserar på så har det sin pris… Og den prisen får ein betala med eit smil eller omprioritera?

So help me God…

Og nå har eg nykokt kaffi der nede. Det skal bli godt. Eg har planar om å få laga eit fat med “fingermat” som eg skal ha med når me fer ut for å feira at Synneva fyller år når klokka passerer midnatt.

Ut i sola var det eg skulle, saman med kaffikoppen min…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Gode Heidi!Alt du rekk:) Imorgon skal eg syngja konfirmantsalma di i Høyland kyrkja. Eg gler meg! Lukka til med liljekonvallbabyane – eit vakkert og Ronja-aktig namn… jag måste skrika ett vårskrik, annars…. !!

  2. Ukjend's avatar
    Arne permalink

    Konfirmasjonssalmen blir brukt også i Bryne kyrkje i begge konfirmasjonane denne helga. Den er så flott! Solist er Ingrid, som er eit år eldre enn konfirmantane.

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild og Arne: Så kjekt at nokon bruker det eg har laga!

Kommenter innlegget