Gå til innhald

Sit her og samarbeider

mai 12, 2007

med Torhild om ein tekst. Eg prøver å laga ein norsk versjon på songen “Get together in the name of the Lord,” som ho har tenkt å bruka på gudstenesta i morgon. Type hurtigarbeidande komité… Problemet er bare at mailen er send tre gonger frå min mailboks, til to ulike mailadresser på hennar maskin utan at han kjem fram, mystiske greier…

Men der ringde telefonen! Me sit ved kvar vår maskin med same teksten framfor oss og syng songen saman på telefonen. Eg syng inni meg, og ho syng høgt.

“Fantastisk,” seier Torhild.
“Me brukar han slik, eg mailar han til presten med det same!”
“Eh det er jo bare eit førstutkast,” innvender eg…
“Nei, det er flott, me brukar han akkurat slik, me snakkast”…

Det var seks vers og refreng på tjue minutt, men kanskje ting av og til må få lov til å gå fort unna? Spesielt viss det er eit eingongsprodukt? Er litt fortumla, men glad for at me fekk det til…

Elles så har eg då jobba hardt nok tidlegare i dag. Noko anna kan ingen påstå… Me har jobba seks timar med Jeppe på Bjerget, ein styrkeprøve for både skodespelarar og instruktørar, men nå har eg begynt å få trua for at me skal koma i mål.

På veg til skulen var eg innom ein butikk, eg kjøpte med meg oppskore brød, nugatti, gulost, saft og to posar kjeks. Eg veit av erfaring at svoltne barn og ungdomar blir ukonsentrerte og irritable. Når ein er fjorten år er ein ikkje bekymra for om ein kjem til å bli svolten om fire timar eller ikkje, og er derfor ikkje innom tanken på å smøra seg matpakke…

Eit anna tilbakevendande problem er at “ein eller annan” gløymer at me skal ha helgeøving. Denne ein eller annan er av ein eller annan grunn oftast ein av hovedrolleinnehaverane. Det ser og ut til å vera ein naturlov at dei ikkje er å finna på mobilen, som dei elles alltid ber på seg. I dag måtte me ty til det gamle trikset me har brukt med hell ein gong før, nemleg å ressonera oss fram til nokon som truleg er besteforeldra, ringa dei, og bli losa vidare i familiære irrgangar. Me klarte det denne gongen og, og halvannan time for seint var me klare til å setja i gong med ei full gjennomkjøring…

Prosessen rundt å øva inn eit stort teaterstykke med femten tenåringar, er tålmodighetskrevjande og høgst levande. Og me er ganske stolte og utmatta alle saman når me set kroken på døra. Me hadde håpa å begrensa helgeøvinga til i dag, men innser at me treng meir tid, så i morgon blir det 3-4 timars ettermiddagsøving.

Då eg kom heim hadde kjærasten min invitert gode vener til grilling på verandaen. Det vart ei etterkvart ganske kald oppleving, men er det sommar så er det sommar. Me samla alt me hadde av ullpledd og fleeceteppe og varma hendene så godt me kunne på grillpølser og kaffikoppar.

Eg kjørde Halvard til sommarjobben hans som gartnar hos onkelen min, og han gjekk i tre timar og slo grasplenar i kveldsregn. Lukta av nyslått gras ein regnfull kveld i mai er spesiell, og gamle minne dukkar plutseleg opp. Det er det rare med lukter. Plutseleg er ein kjenslemessig i ei anna tid og eit anna rom.

Halvard måtte låna både polvottar og ein vaksen ytterjakke utanpå sin eigen, for å halda varmen. I mellomtida vart eg ropt inn til bror min som bur i nabohuset til eit koseleg kveldsmåltid.

Kjærasten min sit med PC-en sin på vårt felles arbeidsrom og fordjupar seg i Canada-USA- turen. Han er nok litt oppgitt over at eg ikkje går inn i planleggingsarbeid med same entusiasmen som han. Eg klarer aldri å mobilisera hundre prosent før eg er ein plass med kroppen min og heile meg. Kanskje eg lever litt for mykje i nuet?

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Du er heilt klart eit perfekt presensmenneske!!!Takk for god hjelp!Velkomen til Bogafjell menighet viss du vil oppleva urframføringa i morgon kl 11.00!!

  2. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Teksten funka! Du kan trygt sei at gudstenesta «tog av» men deb songen som prosesjonssong!! Tusen takk for hjelpa-ein gong til!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Så kjekt å høyra 🙂

Kommenter innlegget