Gå til innhald

Att bedja är ej ändast att begära…

mai 13, 2007

Presten siterte ei strofe frå eit svensk dikt, og eg trur eg hugsar denne eine linja. I beste fall kjennest ei gudsteneste som å ta eit steg til sides frå kvardagslivet og koma inn i eit heilag rom der ein kjenner seg omslutta av kjærleik. På den måten kan ein lena seg bakover mot
ei djupare meining og vita at ein er ei brikke i eit stort og vakkert puslespel. Det er ikkje alltid det kjennest slik, men det gjorde det i dag.

Eg har hatt ein fin sundag. Eg vakna tidleg og les lenge på senga før eg stod opp. Akkurat som eg trudde er “Løvekvinnen” av Erik Fosnes Hansen ei stor lesaroppleving.

Eg lurer framleis på om det var han eg møtte ein ettermiddag i Firenze for 25 år sidan. Eg var på interrail med tre venninner. Dei var meir utslåtte av sola enn meg, som ville ha med meg alt som var å oppleva av byggverk og museum. Så mens venninnene mine tok det med ro gjekk eg saman med to amerikanske gutar ein dag. Desse to var svært strukturerte eurailarar, og hadde ei liste over trettito ting eller noko slikt, som dei ville oppleva i Florence. Eg hugsar at ein av postane var Italian icecream, og at eg vart veldig lattermild av at det
var ein eigen post på eit dagsprogram, ingenting overlatt til spontaniteten, liksom.

Me sette oss ned på ei trapp og såg ei sigøynarjente i tiårs-alderen dansa på gata mot betaling. I pausen mellom dansane røykte ho sigarettar…

Eg hadde teke opp skriveboka mi, for skrivebøker har eg bore rundt på heile livet. På ei anna trapp sat ein gut og skreiv ivrig i ei bok han og. Eg snakka til han, og det viste seg at han var norsk og heitte Erik. På spørsmål om kva han skreiv svara han at det var ein roman. Slikt gjorde sjølvsagt inntrykk på meg. Guten på biletet minner om fotografi av Erik Fosnes Hansen og alderen stemmer. Derfor har eg bestemt meg for at det sikkert var han det var.

Resten av dagen har eg stort sett brukt på “Jeppe på Bjerget,” og i dag synest eg at me tok eit langt skritt framover. Men me vurderer om me må skifta ut kniven i knivscenen med ein leikekniv, for i dag var me farleg nær ei nestenulykke då revisoren distraherte Jeppe med ei omfavning og Rocker Kaj skulle riva kniven ut av handa hans… Det var ikkje den aller skarpaste kniven i skuffa me hadde funne då…

Då eg kom heim, var eg forferdeleg svolten, eg hadde tenkt å laga laks til meg sjølv, men kjærasten min hadde kjøpt eit brett tapas-snacks til grillinga i går, og eg fann ut at eg kunne eta det som var att. Det var ostefylde chilli og paprika, kvite bønner og marinerte kvitløksfedd. Eg kjenner eg har fått i meg nok kvitløk…

Som eit apropos til bøn til slutt, slik at eg lukkar sirkelen for ein gongs skuld… Ei av dei vakraste bønene eg veit er denne til den danske lyrikaren og humoristen Benny Andersen. “Lær mig hvor jeg skal falde ind når den store musik begynder…”

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Så mange gode tankar, takkar! Presten vår i dag fortalde om møtet med to soldatar i Midtausten for nokre år sidan. Den eine, Eva, sa under samtalen: «I feel like a child». Etter talen framførte solisten ein heilt ny song:
    «Du, min venn i lys og mørke
    Til ditt hjerte søker jeg
    Du som ser og du som kjenner
    selv det innerste i meg
    Bak min styrke, tro og glede
    Finnes óg en annen strøm
    Der et barn så skjørt og åpent
    lar sin nød bli til en bønn»
    (Første verset av fem, ein nydeleg tekst).
    «Som når et barn kommer hjem om kvelden..»
    Ellers trur eg du møtte Fosnes Hansen i Firenze, akkurat som eg var i militæret med ein annan kjend forfattar- trur eg. Han skreiv ikkje så mykje då, men eg har lese fleire av bøkene hans- og kjenner meg att, lever meg inn i- og strir, saman med personane. «I feel like a child». Eller som solisten song det: «Der et barn så skjørt og åpent/lar sin nød bli til en bønn». -Signa dei, du!

  2. Heidi: permalink

    Hugsar du heile verset av ein song du høyrde for første gongen? I så fall er eg veldig imponert. Me song og «som når et barn kommer hjem om kvelden. Nydeleg tekst.

  3. morsan permalink

    Snälla Heidi, kan inte ditt år bara innehålla maj månad? ❤

  4. Heidi: permalink

    God idé morsan. Me får sjå…

  5. Torhild permalink

    «På den måten kan ein lena seg bakover mot
    ei djupare meining «… akkurat slik er det. Takk igjen, flotte livskunstnar!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: