Gå til innhald

Fastfood-Amerika…

juni 23, 2007

Sidan me framleis hadde deler av norsk døgnrytme i kroppen, var me klare for action klokka halv fem i dag. Klokka halv sju var me klare for amerikansk frokost på hotellet.

Det vart servert bagels med og utan blåbær og rosiner, donuts, to typar frokostblanding, melk og to typar syltetøy.
Eg såg litt forseint at dei hadde posar med havregrøtblanding ein kunne laga seg i microen. Kanskje det blir løysinga i morgon tidleg?

I dag har me prøvd ut ulike typar fast-food-konsept. Langs highwayen står det stadig vekk klynger av enormt store skilt som ropar om mellom anna serveringstilbodet til ei kvar tid. Eg trur ikkje eg lyg om eg seier at me i løpet av dagen kjørte forbi minst 25 skilt som det stod Mc Donalds på. Lunsjen i dag vart lagt til salat- og sandwich-kjeden Subway. Eg fekk ein stor og veldig god salat med friske grønsakar som eg sjølv plukka ut. Ungane prøvde seg med litt vekslande hell på ulike typar sandwich. Brødet her er søtt og stort sett veldig lyst, og
typar pålegg ikkje heilt som dei er vane med.

Middagen vart på kjedenTaco-bell, og desserten på kjeden Diary-queen der Halvard og Sunniva gav iskremen toppkarakter.

Me har kjørt langt i dag, bortimot hundre mil, og kjørt gjennom statane Washington og Oregon, og har nå akkurat kryssa grensa til Calfornia. California har eg hatt eit slags forhold til frå eg var sånn ca tre-fire år, og bestemor las på rosinpakkane at dei heitte sunmade og komfrå California. Sunmade vart uttalt akkurat som det skrivest, for bestemor var aldri i nærleiken av ein engelsktime. Men sunmade (ikkje noko sønnmeid, altså,) saman med ordet California, høyrdest så vakkert ut.

Eg har mykje eg hadde likt å skriva om, men nå har eg sovna to gonger over tastaturet, så eg får berga det eg har før det forsvinn…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Harboehappening på highway`en …. høyrest ut som de får tilfredstilt dei primære behova….! Kva slags køyredoning har de leigd?

  2. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Herlig – gleder meg til neste blogg. Nå pakker vi til avreise i kl 0430 i natt. I går kveld hadde jeg den store gleden å få være vitne til 25 fjortisser som hadde hageparty og feira Vilde 14 år 🙂 Jeg fikk grille pølser og fyre opp i utepeisen. Artig å observere dem. Hvordan de grupperte seg – puljevis foran peisen for tilstedevæerelse – ettertanke og gode samtaler – på trampolinen for å dele fysiske utfordringer og på grasplenen som for anledningen var delt opp med en blå tau – som et improvisert nett til volleyball 🙂 Da man kunne merke på lyset at kvelden hadde melds sin ankomst og varslet om ro og natt – fant jeg takken og lapperøren frem, til stor suksess 🙂 klokken 23:00 kom fjortissene sine «privatsjåfører» som perler på en snor – for å lose sine håpefulle hjem. Igjen satt Vilde med 4 flotte venninder og bare var. De hadde mygglys og englekort og en god samtale om livets mysterier. Jeg la på siste rest av ved og satte meg ved utepeisen og takket Gud for nok en flott og varm dag. For at han lot meg få oppleve Vilde feire sine 14 år med 25 nydelige fjortisser med 25 flotte personligheter med det til felles at de var livsglade – snille og hadde mye godt humør 🙂 Jeg sendte samtideg en beskyttende engel til mine aller kjæreste som er ute i den store verden og en engel til hver av mine 10 åringer på Bryne skule som samme dag hadde gitt meg mange gode sommerferieklemmer. Måtte ferien gi dem mange flotte opplevelser og ny ballast i form av erfaring og innsikt! Måtte Gud legge sin beskyttende hånd over dem som trenger det mest…

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg var inne på bloggen til Leif og fekk sjå doningen de køyrer i!Imponerande!! Vert spennande å høyr kva måte dei feirar St.Hans på over there! Her er smågrått, men varmt. Me skal feira kvelden ilag med folk frå Bogafjell menighet – grilling, bål og gitar er ein god kombinasjon! Helsa alle!
    OG May Brit: Du aller kjæraste er flink til å mala bilde med ord!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk for fine kommentarar.

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar