Gå til innhald

Starbucks and smoked almonds…

juni 28, 2007

Ungane har fått nok uteliv for i dag. Kjærasten min og eg går ut ein tur for å sjå oss om. Ingrid tek kontrollen på motellet.

Det er mørkt ute. Kanskje advarslane frå min venn frå tidlegare på dagen sit i kroppen, for eg kjenner meg rett og slett litt fælen.

“Excuse me!” Ein veldig mørk stemme er rett bak oss. Kor kom denne mannen frå? Kjærasten min støkk og hoppar høgt. Eg støkk og, og kjenner intuitivt etter knivar eller pistolmunningar.

“Sorry! I didn`t want to scare you guys!” Stemmen hans virkar oppriktig lei seg. Snakk om lettskremde turistar. Mannen kom på sykkel og er veldig mørk i huda. Kankjse det er derfor me ikkje såg han. Han ville bare forbi oss stakkar.

Me går inn på ein butikk. Jons marked. Dei reklamerer med at dei sel etnical food. Det gjer dei. Jødisk brød, russiske kaker og greske oliven. Fulle hyller med alt mogleg. Me kjøper oss to katolske lys i høge glas med jomfru Maria på. Dei er fine. Eg seier at me må sjå om det er gravlys me kjøper. Me les teksen bakpå som er på spansk og engelsk. Dei ser ut til å vera il bruk i heimen. Då tek me dei med.. Eg kjøper og røykte mandler frå Mexico med smak av Jalapeños.

I kassane sit unge meksikanske damer. Unge mexikanske damer i lyseblå forkle står ved kassane og pakkar ting i plastposar. Dei kallast baggars. Dei pakkar ganske få varer i kvar vesle plastpose og henger posane på trillevogna som er utstyrt med mange små taggar. Ein pose på kvar tagg. Når vogna ser ut som eit juletre trillar dei vogna ut for kunden og lastar posane inn i bilen deira medan kunden trippar på sida av.

Ved kassen på sida av oss står det ein bråkmakar. Ein vaksen mann. Han manglar bare cowboyhatten, så er han som klippa ut av ein dårleg amerikansk film. Han er aggressiv i stemmen og kjeftar i aust og vest på dei aom jobbar der og på andre kundar. Stemningen i butikken blir dempa. Alle går i eit slags gå-på-tå-modus for ikkje å irritera mannen endå meir. Dei små meksikanske ekspiditrisene hadde truleg hatt lite å stilla opp med om han verkeleg skulle slå seg vrang.

Me passerer ein Starbucks- coffee på vegen. Me går inn og bestiller kvar vår cappuccino. Oppå dryssar eg kanel, kardemomme, vanilje og muskat. Her skal me få maksimal aroma. Me finn oss eit lite bord og sit der med kvar vår kaffe med muskatnøtt og røykte mandler med jalapeños medan me les i amerikanske aviser og studerer livet. Så går me heim på den mest opplyste delen av gata.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Gler meg til å oppleva dei katolske lysa! No er det ca 10 timar til me skal vera på flyplassen – og egreier sjølsagt ikkje finna den blå batikk-badekjolen min som eg bare MÅ ha på stranda… får vel leita vidare… Eg fylgjer dykk vidare frå Spania!!Maren helsar!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    God tur til Spania. Så kjekt at me kan fylgjast på denne måten. Hels Maren tilbake. Kanskje du må flytta litt på premissene og oppleva stranda utan batikksolkjole. Eg trur eg veit kva for ein du meiner.

Kommenter innlegget