Gå til innhald

Walk of fame.

juni 29, 2007

Dagen i dag vart litt annleis enn me hadde tenkt oss. Sunniva vakna og var kvalm, og ho starta dagen med å kasta opp. Heldigvis så hadde me bestemt oss for å droppa Disneyland, som me halvveis hadde lova ungane å avlegga eit besøk. Dei var faktisk einige med oss i at ein park fekk vera nok. Det hadde vore ekstra bittert å bli sjuk om ho var på veg dit.

Sunniva fekk kledd seg, og etter å ha tatt det litt med ro, kom ho i lag med far sin ned til frokosten. Men ho orka ikkje mat, og etter at ho hadde kasta opp ein gong til, fann me ut at ho trong ein roleg føremiddag “heime”, og at eg og ho fekk bli igjen når dei andre reiste ut. Takk og lov at dette var ein dag me ikkje skulle ut på motorvegen.

Ho fekk Cola til å drikka, og etterkvart klarte ho å eta bittelitt potetgull. Eg sprang rundt på hotellet for å veksla pengar til automaten. Det er ikkje kjekt å ha spysjuke på eit hotell i utlandet, men ho har vore tapper. Me såg på Lucy-show med Lucille Ball i svart-kvitt på T, truleg spelt inn på 60-talet. Eg hugsar det som eit program familien benka seg rundt på sundagskveldane, då var det fast underhaldning på den einaste TV- kanalen me hadde i landet på den tida. Eg trur ikkje Sunniva var kjempeimponert over showet, men det må jo ha vore ein forgjengar for alle sit-coms?

Apropos TV-show… Dersom du har sett Ricky Lake show og tenkt at det er moralsk forkasteleg, heilt forferdeleg og så langt det i det heile tatt går an å strekka strikken, så er her sjølvsagt langt sterkare saker å oppdriva i Ricky Lake sitt heimland. Her er eit program der folk som vurderer skilsmisse får gratis advokatar, dersom dei kjører saken for open scene og surrande filmkamera. Heilt forferdeleg.
Og i eit anna program kan folk som lurer på om dei er smitta av hiv bli testa på direktesend TV… What a crazy, crazy world…

Etterkvart sovna Sunniva, og eg solte meg i hagen utanfor vinduet vårt. Ho kunne ropa på meg om det var noko, og med jamne mellomrom såg eg inn til henne. Først las eg ei bok ute på ei solseng, og så skreiv eg dikt ved eit bord under ein parasol. Det var idyllisk og avslappande, men eg hadde forferdeleg vondt av den sjuke jenta mi.

Då dei andre kom tilbake kjende Sunniva seg litt betre, og bada litt i bassenget i lag med Halvard og ein gjeng amerikanske ungar som var der med mødre, tantar, fettarar, kusiner og bestemor. Ei stor forsamling med mykje lyd i. Dessverre vart Sunniva dårleg att og måtte inn og kasta opp meir.

Halvard og eg har vore ute og opplevd “Walk of fame”, som ligg bare fem minutt her i frå. De veit den gata der hundrevis av berømte menneske har ei stjerne med namnet sitt på.

Heile Hollywood liknar på ein måte på eit stort industriområde. Bygningane er firkanta, lageraktige og ber ikkje preg av nokon overordna idé om arkitektur. Det er høge, store skilt overalt, og er veldig kaotisk. Likevel, det har sin sjarm. Kanskje det var Halvard sin entusiasme som smitta over, men i dag opplevde eg strøket som bortimot litt magisk. Han kjøpte seg solbriller med refleksglas og ein svart gangsterhatt, og så gjekk me på voksmuseum og fotograferte han med og utan solbriller i lag med all slags filmheltar…

Om kvelden tok eg med Ingrid og åt middag i den same gata. Me var på Walt Disney- restaurant der dei serverte spaghetti med kjøttbollar som i Lady og Landstrykaren. Kelnarane var blide, og eplekjekke og som klippa ut av ein familiefilm. På borda var det serviettar med Mikke Mus motiv. Det kjendest trygt og kjend i ein stor farleg by.
Hovmeisteren kalla oss You ladies. Heilt ok.

I morgon går turen til Las Vegas. Håpar Sunniva er frisk, og at ingen andre er smitta…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Oj, sån otur, stackars Sunniva! Om det bara var något hon fått i sig så klarar ni andra er nog.

  2. Heidi: permalink

    Sunniva seier at ho kjenner seg bra i dag. Ho har akkurat vakna. Får håpa det er over,

  3. May Brit permalink

    Em helbredende engel fra Hellas til Sunniva. stor varm klem

  4. Gunn permalink

    Så kjekt å lese Heidi ! Ha en fortreffelig god tur videre

  5. Heidi: permalink

    Takk alle! Sunniva har det bra. Er i Las Vegas .

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: