I mormonarland.
Dagen i dag var i utgangspunktet spennande. Me visste ikkje kor me skulle hen, bare at me skulle vidare nordover, og at me skulle ut av Las Vegas.
Me fekk ikkje frokost på motellet, så me stoppa på ein liten kombinert bensinstasjon, landhandel og kafé. Denne plassen såg ut akkurat slik eg på førehand hadde sett for meg at slike butikkar skulle sjå ut i Amerika. Ein litt kaotisk plass med kulepennar, kjeks, hamburgarar og oljekanner. Me fant oss eit bord utanfor i skuggen og åt ein litt uortodoks frokost beståande av varme pølser, ein eplepai utan fett og sukker, iskrem, epler og Cola-light. Tenåringane våre sit i bilen og fantaserer om grovbrød, fiskebollar, kålstuing og morfar sine kjøttkaker. Mc Donalds har mista litt av magien… Men det skal dei ha på Mc Donalda, salatane deira er veldig gode her i landet.
Kjærasten min fekk eit råd om ein veg me burde kjøra. Me vart anbefalte ein nasjonalpark med det fromt klingande namnet Zion. Så i dag har me vore på Zions bjerg og i Zions dal. Det var ein fantastisk spektakulær tur. Det var som å vera på ein annan planet. Fjellet var av ein slags sandstein eller dryppstein og varierte i farge frå bleikgult til solnedgangsraudt, og det var merkelege fjellformasjoner og steinar overalt.
Ulempa var at det var veldig bratt og svingete. Vegen gjekk i krappe hårnålssvingar, og gjekk delvis i ein svingete tunnel. Det er akkurat slike vegar me som vaks opp i Vest Norge på seksti-talet hugsar frå ferieturar med telt på taket av folkevognsbobla og ei mor i passasjersetet framme som vekselsvis haldt seg for augene eller øyrene og hylte av skrekk… Det eg nå vil fram til er å visa til genetisk nedarva instinkt på spinnesida, som gjer at eg fekk akkutte anfall av høgdeskrekk på dei smalaste og brattaste plassene. Men i etterhand så var det veldig flott…
Vel ute av nasjonalparken var me i cowboyland. Her var det bøflar, indianar-reservat, store kvegflokkar og hjortar.
Utanfor små hytter med fem-seks bilvrak på tunet sat det eldre menn med snekkerbukser og cowboyhattar, og då me var innom ein liten kafeteria for å kjøpa litt å drikka, hadde dei heile rekker av utstoppa elgar, hjortar og bøflar på veggen.
I fire-fem-tida kom me til ein liten småby, framleis så høgt oppe i høgda at temperaturen ikkje steig stort over tretti grader. Me fann ut at dette måtte vera den perfekte kontrasten til Hollywood og Las Vegas og fann oss eit logde der det såg greitt ut å bu.
Det viste seg at denne vesle byen Panguitch, om nokon mot formodning skulle ha høyrt om han, er ein by der mest alle er mormonarar. Ein slik by har eg eigentleg alltid hatt ein draum om å koma til sidan eg i lærarskuletida vart kjend med Ronny Stulen, som var eit ivrig medlem av Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige, som dei eigentleg helst vil bli kalt.
Det kjennest herleg befriande å vera i ein by der ein kan gå på gata aleine om kvelden utan å vera redd, og det gjer meg ingenting etter eit halvt døgn i Las Vegas at alkoholen blir seld i ein eigen butikk der personar under 21 år bare slepp inn i fylgje med vaksne…
Det vart så tydeleg at det var heile menneskeliv det dreia seg om. Kampen for tilveret, gledene i kvardagen og dette å stå saman om ei kyrkje som betydde mykje for dei. Ein mann hadde laga stolar og fletta stråseter for å ha dei i bønneringen i kyrkja, og kona hadde sydd puter til. Bare ein slik liten ting…
Eg har bada i ein stamp i hage der me bur. Ein slik stamp med boblebad og varmt vatn. Eg og jentene hoppa oppi etter at husverten hadde tilbudd seg å gjera han klar for oss. Så har Ingrid klipt håret mitt på badet med ei saks me kjøpte der me åt frokost, og eg er blitt så fin så… Ikkje verst å ha med eigen frisør. Ingrid foreslo at me skulle kjøpa lørdagsgodt og sjå fjernsyn saman slik me gjorde på lørdagskveldane då dei var små. Så nå har me site i ei dobbeltseng og drukke amerikansk brus med og utan sukker og knaska gulrøter og godteri. Ein stor melon kjøpte me og, men me hadde jo ikkje med oss kniv på flyet frå Norge, så den har me ikkje fått hol på.
Nå skal eg ta med meg kjærasten min og gå ein kveldstur. Ungane våre er ikkje fullt så uthaldande turistar som oss.
Dei vil heller sjå meir fjernsyn.
Heidi
Panguitch høyres heilt fantastisk ut. Blir mest misunneleg…God reise vidare.
Hei alle sammen. Sitter og koser oss og leser om deres ferd «over there». Høres helt fantastisk ut. Asbjørn har også vært inne på faceboocken til Ingrid og vist oss mange flotte bilder. Godtur videre. Hils masse. Hilser fra alle her.
Hei alle saman. Tusen takk. INgrid helsar til Asbjørn.
Ta meg med til mormonerland….
Klart eg skal, May Brit.