Gå til innhald

Las Vegas.

juni 30, 2007

Me er i Casinoland. Me kom hit i 40 varmegrader. Utruleg, som i ei badstu.

Det er ikkje internett tilkopling i motellroma, derfor sit eg i vestibylen og betalar dyrt for minutta. Tastaturet er amerikansk. Derfor er det visse bokstavar eg ikkje kan bruka… Og tida tikkar. Femten minutt og tretti sekund att, det gjeld bare at eg sparar det eg har skrive innan tida renn ut…

Sunniva er heldigvis frisk att, og me andre er ikkje blitt sjuke. Dette er ein ubeskriveleg plass. Det er som eit stort tivoli med tusenvis av blinkande lampar overalt. Me bur vis a vis eit kjempeanlegg som heiter Circus. Der er det fire skyskraparaktige hus som inneheld hotell, restaurantar, casinoar, tivolirom og mellom anna eit wedding chapel der ein kan bli gift om ein kjenner for det…

Der har me vore i kveld med ungane. Dei opplever verkeleg mange merkelege sider ved livet i denne ferien. Rundt i casinoet stod det advarslar om at folk som var der og ikkje viste omsorg for barna sine ville bli kasta ut. Sympatisk nok det… Folk sat heilt oppslukte rundt speleborda, og dei hadde det utan tvil spennande. Gamle damer sat ved einarma bandittar med kredittkortet sitt kopla direkte til maskinen. Ein mann som virka veldig sjuk sat i rullestol med surstoffmaske og spelte. Det var sikkert fint for han at han fekk gjera det han hadde mest lyst til i heile verda, men dei han spelte med, lot ikkje sigarettane liggja fordi om mannen hadde openbare pustevanskar…

Halvard har reist med ein heilt forferdeleg berg og dalbane med ein grusom loop. Det var det han hadde mest lyst til her i byen.

Motellet er det mest shabby me har vore borti til denne tid. Me hadde unna oss to rom, men mykje var gale. Airconditionen virka bare inne hos oss, ikkje hos jentene.
Ingen av TV-apparata virka. Skapa let seg bare delvis opna, og badet var ikkje i orden heller. Men, men. Noko me kan le av etterkvart…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Eviva Espania…! Me har det ikkje fullt så varmt som de, men her er herleg! Godt at Sunni er frisk att! Helsa gjengen!

  2. Eva Mari permalink

    Så kjekt å lese frå reisa Heidi. I går køyrde eg forbi Dalegudbrand og tenkte på deg og turen vår i fjorsomar. Gler meg til å lese meir. Skal sjekke sida til Leif også. Klem til alle frå meg og Marco

  3. leif permalink

    ja, las vegas var virkelig noe for seg selv – som motell-bestiller lot jeg meg lure av en fin webside, men i Las Vegas er det meste ikke som det ser ut.

  4. Heidi: permalink

    Torhild: Det skal eg, hels tilbake til
    din gjeng, og til Eirik og Lise viss ho er der nå.
    Eva Mari: Dale Gudbrand var heilt topp. Skulle ynskja du oppdaga Amerika i lag med meg og. Nyt sommaren, så snakkast me etterkvart.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: