Smoking Cowboy Café.
Der var det me havna i går kveld i den vesle favorittbyen vår Panguitch. Ein skikkeleg saloon som klippa ut av Kruttrøyk såg det ut til å vera, og rundt treborda der inne sat menn med cowboyhattar og to tre kvinner og åt store porsjonar av chili con carne eller noko som likna.
Verten stod høg og smilande ved disken med cowboyhatt på hodet og ein baby på armen. Eg spurte om det var hans baby og han svarte endå meir smilande. “No, i`ts my grandaughter.” Han sa at normalt stengde dei klokka ti om kvelden, men sidan det hadde vore eit rodeo-show i byen så haldt dei oppe eit par timar lenger. Det var jo flaks for oss, for klokka var elleve allereie. Han sa at me kunne bestilla alt frå menyen bortsett frå steak. Kjærasten min sa at me bare hadde tenkt å kjøpa “something to drink.”
Mannen svarte med orsaking i røysta at han dessverre, desverre bare kunne selgja øl til dei som kjøpte mat. Og kjærasten min forsikra han fleire gonger om at “That`s ok to us”. Det vart to koppar kaffi og eit stykke av grandma`s cherrypie med is. Den siste vart sett midt på bordet med to gaflar. Stor porsjon som alltid.
På menyen under drinks: stod det: Milk, juice, coke, lemonade, non-alcohol beer og til slutt eit par vanlege øltypar. Det er den mest sjarmerande puben eg har vore på… Dei som ikkje kjenner meg kunne nå bli leia til å tru eg var ein svært pasjonert pubgjengar…
Me vurderte sterkt å gå på mormonargudsteneste i dag, men droppa det fordi ungane viste lite entuiasme for prosjektet. Eigentleg litt synd, men slik vart det. Såg at han på naboromet på motellet kom ut med kvit skjorte og slips. Han skulle truleg dit me aldri kom.
I staden har me vore i ein ny naturpark som heiter Bryce canyon. Landskapet var heilt uverkeleg. Raude saltstøtteaktige formasjonar som minna om slott og spir og skulpturar og istappar. Viss du vil sjå, så gå inn på vancouver-la-calgary.blogspot.com, der ligg det i dag eit fotografi me fekk ein venlegsinna forbipasserande til å ta.
I parken var det både bjørn, rådyr, præriehund og hjort, men me såg bare masse ekorn, slike Snipp og Snapp-ekorn. Dei var veldig nærgåande og truleg vane med å bli mata, sjølv om det var understreka at det ikkje var lov å fora dei.
I parken kunne ein gå lange turar med fleire overnattingar. Det blei understreka at ein måtte gå med hatt på grunn av varmen og ha med seg nok vatn å drikka. Det kunne faktisk ha vore spennande å prøva det ein gong, men i dag vart det lettversjonen på oss.
Heidi
Håpar du kjøper deg ein høveleg cowboyhatt, Heidi! Good luck, take care!!
Hei igjen. Regner med at alle kommer hjem med cowboyhatt og boots. Hils Festus, Lucy og Matt Dillon!!!!
Det er heilt klart at nå blir det cowboyhatt resten av livet…
Howdy, godt å sjå du er i farten med skildring av små og store hendingar «over there». Eldstemaen her var òg i Bryce Canyon…. Hels Ingrid så mykje og gratuler med dagen i dag. Klokka er eitt minutt over midnatt…. Nyt kvarandre og alt som augene rører ved! Gler meg til å lesa detaljar, er heimom frå, ja eg skjems mest for å fortelja det, ferietur i Danmark…. Men eg hadde ein gong ein cowboy-vest kjøpt i «ville vesten»…… Hels dei andre cowboyane og cowgirlsen også!
Torun:
Eg helsar til Ingrid og gratulerar. Ho smiler, og ber meg helsa tilbake. Danmark er slett ikkje å forakta.