Gå til innhald

Lavt batterinivå.

juli 8, 2007

Ikkje på meg, men på pc-en, så viss dette får ein brå og uforklarleg ende, så er det grunnen.

I dag har me vore oppe i Rocky Mountains. Først kjørde me gjennom eit ganske stort område som var indianarreservat. Eg har alltid sett for meg eit indianarreservat som eit lite område, men det er i verkelegheita ganske gigantisk. Der har indianarane fått små hus og jord dei kan bruka som dei vil Området skal og vera stort nok til å jakta på, sidan det var den opprinnelege livsstilen deira. Stammen disponerer området og får ein sum pengar til å bruka som det er best for dei. Kvar stamme har ein høvding, og dei me såg i opptoget i går var vaskeekte høvdingar, og høvdingen har eit eldsteråd som hjelper dei å styra.

Eg vart fortald at det heile fungerer forskjellig frå stamme til stamme. Nokre stammer klarer seg bra, medan det fungerer dårleg i andre reservat. Rusmisbruk er eit stort problem, mange har vanskar med å finna seg jobbar, og ein del av skulane fungerer veldig dårleg. Det å vera indianar har ikkje høg status i det canadiske samfunnet, og reservatordninga gjer at mange har problem med å bli integrerte på ein god måte.

Husa dei budde i var ofte små og ganske forfalne, og det var ganske grisgrendt i det store opne landskapet. Det stod skilt med “Be avare of pedestrians,” noko som indikerte at ein måtte rekna med at ein del av fotgjengarane ikkje gjekk støtt i vegkanten. Veldig trist.

Og der svikta batteriet, men med litt hjelp av Halvard har eg kopla om til den lokale PC-en. Ein med amerikansk tastatur, i fall nokon synest eg utrykkjer meg kronglete i resten av teksten…

Etterkvart kom me fram til naturreservatet. Her finst det mange ville dyr, ein del av dei store og farlege, men me oppdaga bare to hjortar, begge like ved vegen, og i tillegg mange ekorn. Me tok vegen heilt opp til eit vatn som heitte Lake Louise. Det var heilt nydeleg der. Fjelltoppane som raga mot himmelen, det eine delvis dekt av isbrear. Vatnet , som var smeltevatn, hadde farge som melk blanda med turkis maling. Folk padla rundt i kanoar, og av alle ting stod det ein mann der med tyrolarhatt og Lederhosen og spelte alpehorn. Det hadde visstnok i tidlegare tider vore sveitsarar der som underviste folk i fjellklatring, eg trur mannen var ein slags gimmick i samband med dette. Truleg var han kanadiar god som nokon, men heilt sikker er eg ikkje…

Det gjekk ein sti oppover i fjellet til eit utsiktspunkt, og dit ville me gjerne. Eit skilt opplyste om at ein burde vera saman i grupper med minst fire personar. Det ville gjera det mindre sannsynleg at pumaer eller slektningane til Ole Brumm skulle angripa oss. Spesielt Halvard var lite konform med at slike dyr fantest ikkje langt unna, og Ingrid ropte og laga lyd med ein kjepp med jamne mellomrom, for det var anbefalt i turistbrosjyren. Heldigvis traff me ingen skumle skapningar og utsikten var vakker.

Me hadde lunsj ute. Eksklusiv hotellmat rundt eit terrassebord i sola med utsikt til fjelltoppane. Eit godt alternativ til Mc Donalds… Dei andre tok ein svevebane opp til ein fjelltopp medan eg koste meg med kaffi og kortskriving. Ein kan ikkje forkasta alle fobiar samtidig,
og svevebanar er ikkje heilt mi greie…

Ingrid og eg sat i bilen til svoger Joffe og fekk interessant guiding. I indianarreservatet plukka me opp ein haikar, slik at Ingrid fekk selskap i baksetet… Han budde nede i byen, i reservatet var livet alt for kjedeleg, sa han. Elles var han ikkje veldig medelsam. Det ville vore interessant om han hadde fortald om livet i indianarreservat og om livet som indianar med utgangspunkt i sin synsvinkel…
Forresten heiter det ikkje indianar lenger. Det heiter “first nation” eller “native americans”…

Alle dei andre er i djup svevn allereie. Programmet er intenst, og eg er visst den einaste natteranglaren under dette taket… Kanskje det er best at eg fylgjer dei gode eksempla og kjem meg i seng eg og?

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Kjekt å fylgja dykk på reisa! Kan godt forstå at du skippa sveveturen . . kaffi og kortskriving er absolutt godkjende ferieaktivitetar!!! Eg er i ferd med å gjere meg klar til gudsteneste i Minnekirka her på Solgården!

  2. Ukjend's avatar
    Torun permalink

    Kom du deg i seng til slutt? Turen opp i Rocky Mountains høyrest teatralsk og mektig ut! Skulle gjerne vore puma’n i treet….. (jmf. den norske seiinga «floge på vegg…»). Liz er forresten også i Canada på ferie f.t. Men ho er ingen bloggar… Alt vel til dokke alle saman! Vert vekke frå data-tilgang 1 veke og skal bl.a. innom Astrid på Hvaler. Kunne jo teke utskrift frå bloggen din… etter idè frå Eva Mari!
    Take good care! And stay away from those disgusting pumaes!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild: Skulle gjerne ha vore til Gudsteneste i minnekirka i lag med deg.
    Torun: Eg kom meg i seng, men det vart ikkje veldig mykje svevn, men det er ei anna historie. Hels Astrid masse. Ho har linken til bloggen min.

Kommenter innlegget