Calgary Stampede.
Byen var full av cowboyhattar og boots. Folk stod tett i tett, og eg hugsa korleis det var å ssjå på 17.mai-tog då eg var lita. Mange ryggar, og i dette tilfellet store hattar.
Me kom vekk frå dei andre, eg og jentene. Me skulle gå i førevegen medan dei andre parkerte bilane, og så hadde me ikkje klart å gjera ein klar nok avtale. Me delte oss i to lag, jentene på eitt og eg på det andre. Me skiftest om å halda vakt på det punktet me forsvann frå einannan og på å tråla gatene etter dei andre. Til slutt klarte kjærasten min å ringa meg opp. Me avtalte å gje opp og leita i folkemylderet, og heller avtala møtestad når paraden var slutt.
Paraden varte i tre timar og var verkeleg fargerikt. Det var hestar i alle storleikar og fasongar med all slags ryttarar. Hestar med masker, med panneband, med skaut og gulhovar. Muldyr, esel og ein svær oksa med ring i nasen og ein ryttar på ryggen. Det var musikkorps i alle fasongar, drilling med flagg og gevær, digre militære tanks, mange divisjonar med sekkepipeblåsanda skottar og ekte indianarar i store mengdar. Det var verkeleg motstykket til 4.juli-paraden. Kven skulle trudd at me skulle spesialisera oss på paradar i sommar.
Nå har me skifta status frå å vera eit omflakkande sigøynerfølge, til å bli gjester i eit svært standsmessig bustadområde. I ettermiddag trudde me at me måtte byta ut leiebilen fordi oljelampa lyste og fordi me fekk ein steinsprut på frontruta i går som laga eit lite “kulehol” . Holet gjekk ikkje gjennom ruta, og var heilt oppe i hjørnet. Det viste seg at oljelampa var falsk alarm, slik at me slapp å skifta bil. Det var me glade for, for den me har er stor med stor bagasjeplass. Då me rydda ut av bagasjeromet vart me svært overraska over kor mykje me har samla med oss desse vekene. Sjølv om me hadde med ein tom koffert med ein bag oppi så må me nok kjøpa oss ein koffert til for å få med oss alt. I teorien har me heilt minimalt med bagasje…
I dag då me sat i hagen og snakka var det plutseleg masse røyk i hagen, og eit helikopter surra i ringar rundt området. Det viste seg at ei boligblokk eit par hundre meter frå her var heilt overtend. Me får verkeleg håpa at alle kom seg ut.
I kveld gjekk me tur i ein park like ved her. Naturen er nydeleg, og blond og nordisk. I morgon blir deg ein dagstur opp i Rocky Mountains. Me er ikkje heilt sikre på om me eigentleg har lyst til å sjå bjørn, men truleg reiser me ikkje langt nok til at det er nokon overhengande fare. Nå må eg dessverre gje frå meg datamaskinen, folk står i kø.
Heidi
Blond og nordisk natur…. høyrest beint fram vakkert ut!
Må berre sei at eg følgjer med dokke, og vonar de merkar englevengjene…. Me har hatt flott underhaldning i stova på laurdagskvelden: Familien Strand Harboes ville eventyr i villaste Vesten! Humoren din er digg! Ha hyggelege dagar i Kalgari! Sei ifrå når de er i Bærum, så kan me symja rundt Kalvøya :o)
Hei Heidi! Kjekt å endeleg få koma inn på nett og bli oppdatert på ferien dykkar:)Helsing frå ei som bobler over av glede over å vera tilbake i Lofoten i strålande sol!! Me har hatt ein flott ferie så langt, kjærasten og eg! Ei veke på Helgelandskysten i DET veret, besøkt Vega, Dønna mm + funne nye skulpturar:) Snart står Værøy og Røst for tur:)God tur vidare og hels dine! Klem
Arne helsar!
Torhild: Det er vakkert!
Torun: Englevengene er her.
Inger: Så fint å høyra. Eg har tenkt mykje på deg. God tur vidare!
Arne: Eg helsar masse tilbake.
(Vinkar mot (skjermen)