Gå til innhald

Den som reiser gjennom natt og tid…

juli 12, 2007

I dag, eller i går, eller i natt, alt ettersom ein ser det, reiste me forbi ei natt. Me starta klokka sju om kvelden etter Vancouvertid, og før me hadde rukke å kome til natta var det morgon der me fløy forbi.

For å prøva å oppretthalda ein slags døgnrytme hos passasjerane slo dei av lyset og lukka vindusgluggene før klokka ti, og haldt det mørkt i fire timar eller så. Bare ein og annan leselampe fekk lov til å brenna, men eg trur eigentleg at dei færraste sov noko særleg i dei tronge flyseta som det mest ikkje gjekk an å leggja ned…

Eg sov i alle fall ikkje, og det hadde eg i grunnen bestemt meg for å ikkje gjera og. Det er ei stykke mellom det å ikkje vera aktivt redd når ein sit på eit fly, og det å vera avslappa nok til åp sova på eit fly. eg er framleis ein palss i midten i så måte. Det er litt som dei første nettene med eit nyfødd barn. Då har eg og sove veldig lite fordi eg ikkje har hatt lyst til å sleppa kontrollen eit einaste sekund. I ein krisesituasjon vil eg då vera lysklar i hovudet og passa på at ungane mine gjer det rette om panikken skulle ta tak i kabinen… Og flyvertinnene gjekk rundt på tå som sjukepleiarar på vakt og serverte vatn og søt eplejuice med beroligande smil til alle oss som ikkje sov…

Og for å halda meg fast i det trygge og reflekterte sat eg og las “Van Gogh`s stol”, medan eg markerte dei sitata eg likte aller best med ein gul markeringspenn kjøpt i ein mormonarbutikk. Adressa til menonittane fungerte som bokmerke medan eg las om å våga å møta dødskreftene og den eksistensielle angsten. Reine ørkenvandringa, spør du meg…

Ein gong var eg oppe på toalettet-. Då såg eg ut i natta gjennom eit lite rundt vindu. Det var nokonlunde mørkt, men sola hang i mørket som ei lysande kule. For det kan vel ikkje ha vore månen. Det likna ikkje på nokon himmel eg har sett før, og det var så vakkert.

Og gjett om slike som meg sit med vidopne sansar når dei sit i eit fly sjølv om dei tilsynelatande er djupt henfalne til filosofi og teologi:

– Kva var den lyden?7

– Korfor vart TV-skjermen svart? Problem med det elektriske anlegget?

– Der sprang det ei flyvertinne gjennnom flyet? Flyvertinner skal då ikkje springa? Er noko heilt gale eller har ein eller annan der bak fått hjerteinfarkt?

-Der gjekk to til etter henne med veldig raske skritt. I all verda, kva er dette? Korfor skjønar ikkje dei andre passasjerane at eit eller anna ikkje stemmer?

Men så skrudde dei på lyset og alt var godt og normalt og frokost.

Etter mellomlanding i Amsterdam landa me på vår eigen flyplass sånn utpå ettermiddagen. Der stod mor og far og Oddvar og venta, og ute var det regn og tolv grader.

Og eg er i ferd med å landa i eige liv og pakka ut ferien. Me reiste i eitt i tjuefire timar og ikkje eit minutt har eg sove. Kanskje like lurt å venta til normal leggetid i dag.

Her er nok å henga fingrane i.

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Välkommen hem!

  2. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Välkommen hem från mig också! Det har varit så roligt att läsa om er resa.!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, mine kjære. Er akkurat vakna, heilt i ørska etter først å ha vore vaken i nokon og tretti timar og så å ha sove i seksten. Det må vera den berømte jetlagen… Får prøva med svart kaffi…

  4. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Jo, de som reser ofta över «Pölen» påstår att det är värst därifrån och hit 🙂

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, det er viss heilt opplagd verre austover. Det stod at turen vestover var heilt uproblematisk for B-menneske, og det stemmer 100% for meg. Eg har aldri prøvd å reisa over store tidssoner før.

  6. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Halleluja!Godt at de er vel heime igjen! Her er det godt 30 grader og skinnande sol!

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild: Heldige deg. Nei eg har ikkje lov til å klaga på det heimlege veret. Etter tre veker med sol og tretti grader, liksom… Det er fint her og…

  8. buy tramadol's avatar
    buy tramadol permalink

    Great work,webmaster,nice design!

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar