Gå til innhald

Goe tork.

august 7, 2007

-For å bruka eit kryptisk lokalt husmorspråk…
I går var det langt over tjue grader og kraftig varm vind. Kleda tørka på minimal tid. Eg vaska dei tre lindukane mine og hengde dei ut med masse klesklyper for å halda dei på plass. Etter mindre enn ein time var dei tørre, og treng mest ikkje strykast.

Etter lettare husmoderlige krampetrekningar drog me til Torhild for å feira endå meir. Med oss hadde me eit blått Höganesfat med masse salat, resten av godsakene ordna vertskapet. Og så fekk eg låna eit høgt smalt oransje krus til å drikka masse kaffi i.

Døgnet må snuast sånn smått om senn. Eg er lysvaken om kveldane og får ikkje sova før langt på natt, og så har eg sjølvsagt problem med å få starta dagen på den andre sida av natta. Men med to alarmklokker og ein ropande mann så kom eg meg opp halv ni i dag og kunne med godt samvit lesa aviser og drikka kaffi før dagen begynte.

Halvard og Sunniva vart henta av mi kjære syster. Dei skal besøkja kusina mi i Nordfylket. I morgon reiser eg og inn til farmor i lag med mor og far, og så kjører me saman heim om kvelden.

Dei to var glade og opprømde. Minsteguten meinte at badebukse og ein ekstra genser var meir enn nok bagasje for einattsovernattingstur, men eg fekk supplert med tannbørste og eit par småting til.

Og her er det framleis Den store ryddedagen. Kjem tid kjem råd. Prosjektet skrid fram, og eg er rett og slett litt imponert over at me har kome såpass langt.

Ei irsk signing over dagen:

Fred vera
over alle ting augene mine rører ved.
Over kroppen min som er av jorda
og sjela mi som er av det høge.

Fred vera med deg.

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Irländarna kan formulera sig, de!
    jag är lite avundsjuk över att dy ör igång med röjning. Det skulle så väl behövas här också.
    Kram!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eg kan trøysta deg med at eg måtte samla alt mitt pågangsmot, og at det skulle vore gjort for tre år sidan. Men når ein først er i det, så er det ikkje så gale…

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Takk for igår – alltid godt å vera ilag:)Eg hadde restane av den deilige salaten til sein frukost!!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, alltid godt å vera i lag. Neste stevnemøte får me ta for oss to aleine?

  5. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Ja, eg kan jo f.eks joina deg på ein av dei daglege turane dine? Eg har ferie ei veke til!!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Fint. Eg utfordrar deg ein dag.

  7. Ukjend's avatar
    Torun permalink

    Ville berre sei at eg i dag har hatt skikkeleg «Heidi-lengt» inni meg! Skulle så gjerne ha gått ein lang tur med deg! Og anda inn den goe praten og stemninga som einaste du kan skapa!

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det var då usedvanleg vakkert sagt, Torun. Eg rødmar og ser forlegent ned. Vår tur kjem nok…

Kommenter innlegget