Gå til innhald

Lyset utanfor

august 8, 2007

nå klokka ti på ti om kvelden er bare heilt utruleg. Gyllent og varmt, og alt får ein slags sepiafarga glød.

I går var det mørkt heile dagen. Om føremiddagen stod eg som ein narr utan narrelue og hengde ut kvite klede til tørk i regnveret. Det var mørkt som før eit torever. Først om kvelden sprakk mørkret i ein fantastisk solnedgang med tilhøyrande regnboge.

Eg drog med meg kjærasten min og me kasta oss i bilen og kjørte til sjøen for å få maksimalt ut av solnedgangen. Etterpå gjekk me tur langs stranda til det var så mørkt at me ikkje torde gå lenger før me snudde. Eg var redd me ikkje skulle finna vegen tilbake til bilen viss det vart stupmørkt.

I dag har eg hatt ein fin dag i lag med far min. Me har vore hos farmor og reist med båt og bil. Der møtte me May Brit som reiste inn i går i lag med Vilde, Sunniva og Halvard. Så ein dag verkeleg på tvers av generasjonane har me hatt. Farmor var sprek og frisk og varta oss opp med tre måltid medan me var der.

Den eldste fetteren min kom innom. Det var så koseleg å vera litt i lag med han. Det som lagar litt krøll under topploket mitt er at i mitt indre bilete av han så er han framleis ein unggut, men plutseleg sit han der og er morfar til tre små barn. Som ein slags kontrast til dette dukka den yngste fetteren min opp og. Han som er yngre enn både Ingrid og Odd Christian. Nå dreiv han og kjørde bil og hadde capsen bak fram og var vaksen gut med eit utruleg sjarmerande smil.

Då me kjørte heim, dukka dette spesielle lyset opp. Det var som ein kalott av skyer oppe på himmelen med ei lysrand rundt heile horisonten. Plutseleg stod kornåkrane gule i ein heilt overjordisk gulfarge.

Då eg såg kjærasten min, lyste han og av noko hemmeleg. Eg måtte opp for å sjå, og over stovebordet hadde han klart å henga opp den nye lysekrona frå ikea. Ho er i svart smijern og har både elektrisk lys og stakar til levande lys. Nå gler eg meg veldig til å tenna levande lys over matbordet.

Halvard har fått sjongleringsutstyret han bestilte etter sirkuskurs på Korsvei, han står med tunga i munnivika og øver på sjonglering. Sunniva ordnar sengeplass inne på romet sitt til Vilde og to andre overnattingsgjester.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Takk for en nydelig dag!

  2. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Tänk att din farmor är så kry ännu! En fin gåva!
    En svart smideskrona med både vanligt ljus och ljusstakar har jag också!

  3. Ukjend's avatar
    inger permalink

    Eg såg og det vakre lyset i kveld då eg køyrde heim (med tilhengar!!) etter gild jente-handletur m jentene «mine». Ei av dei er vel helst Pål si, men eg er blitt så glad i henne:) I kveldslyset mimra eg lyse, solfyllte Nordlandsnetter og føler meg rik etter ein sommar med massevis av slike saman m kjærasten:) Eg er ikkje ferdig med verken Nordland eller kjærasten min:)

  4. Ukjend's avatar
    leif permalink

    Det var vår store sønn som ledet opphenging og lesing av ikea-rekvisittene. Jeg holdt stort sett skrutrekkerne. (da jeg flytta til jæren trodde jeg alle (menn) var handy-menn. Besøkte man folk, starta besøket med en obligatorisk og uendelig rundgang gjennom huset hvor handymannen beskrev hva han hadde gjort eller tenkt å gjøre. «Ja her har jeg laga et bad, trengte selvfølgelig ikke rørlegger eller murer.» Ja, her skal jeg få opp det nye tilbygget……» Så skrøt de av alt de hadde gjort selv og av alt det de det hadde tenkt å gjøre de nærmeste månedene. Ved siden av handymannen stod som regel kona som smilende bekreftet hvor utrolig deilig det var å få det 3. badet på plass….

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    May Brit: Takk det same.

    Tintomara: Kanskje me har like. Eg skal tenkja på deg når eg tenner lysa. 🙂 Ja farmor fylde nitti i vinter og er så frisk og sprek at eg mest trur eg er tilbake i barndomen når eg besøkjer henne. Ikkje tale om å få hjelpa med oppvask eller noko… » Nei, set deg nå ned, det er så svinte gjort, Ein to tre å har ho ordna oppvasken og kjem springande inn i stova…

    Inger: Visst er me rike både du og eg… Eg måtte bare setja meg ned og skriva lyset medan det var akkurat slik for ikkje å gløyma. Eg såg at dei til og med skreiv om det i avisa i dag. Det var bilete av lyset og ein kommentar. Tenk at slike forestillingar bare plutseleg dukkar opp. Omtrent som Jakob Sande skriv i diktet om då Gud haldt fest i Fjaler.

    Leif: DU min kjære… Nå ler eg høgt… Får vel innrømma at du ikkje på alle vis har klart å bli ein typisk jærbu endå. Men kanskje eldsteguten vår likevel har ein flik av det… Då han var liten og me skulle skifta lyspære sa eg at me måtte venta til far kom heim, fordi far hans skulle kjøpa ny lyspære. Han såg alvorleg på meg med englekrøller og blått blikk og repliserte: «Kanskje me heller skal venta til morfar kjem…»

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det vart nokre skrivefeil i kommentaren over, men eg veit ikkje korleis ein går inn og rettar, så de får leva med det. Når det blir så langt så får eg ikkje alltid lese skikkeleg gjennom fordi luka er så lita…

Kommenter innlegget