Foreldremøtet er vel overstått.
Eg trur det gjekk heilt fint… Eg er alltid litt spent før eit foreldremøte, og etterpå håpar eg at eg har fått sagt det som seiast burde.
Nå sit eg her og glipper meda augene medan eg ventar på å bli kjørt til nattoget og liturgimøte i Oslo. Ok å sova seg fram til nye plassar. Eg føler meg litt som Tårnfrid med foreldremøte heime om kvelden og møte i Oslo neste morgon.
Det skal bli deilig med ei avslappande helg i Oslo. Nå gjeld det bare å ikkje koma for seint til toget…
Heidi
Gode Heidi!Kven er Tårnfrid?
Tårnfrid??
hehe!
sitte her og ler!
Foreldremøte gikk kjmepe – du er veldig flink 🙂
Lykke til på møte i dag 😉
Les eg Oslo? Ja, eg las Oslo! Berre eit halvlangt «steinkast» unna! Me kunne jo drukke ein kopp kaffe saman, i det minste! Klarer ikkje halda tritt med deg og livet ditt, men eg trur du lever intenst og voldsomt som alltid. Og at du har med deg den kvite veska di, ikkje sant, Mummimamma! Visste du forresten at liturgi kan vera som medisin for slitne, utbrende og skuffa sjeler??? Lenge leve liturgien! Ps! Saknar deg!!!!
Tårnfrid er ei businessdame frå ein norsk humorserie spelt av Otto Jespersen. Ho er alltid på veg til eit viktig møte og parkerer i mellomtida ungen sin på bussar i rundkjøringar eller i oppbevaringsboksar…
Tusen takk, May Brit. Saknar deg og Torun og lurer på korleis du har det. Tek kontakt. 🙂
Og mummimamma er på plass. Syltetøy og trådsnelle i veska. Og mange papirlommetørklær…
Takk for dekodinga….eg er visst ikkje den mest trufaste når det gjeld Jespersen sin folk… Mummimamma og Fru Pigalopp derimot….! Bare sørg for at sjela di tek att kroppen, Heidi – det er ofte greitt at sjel og kropp er sameina 🙂 Har du lyst å oppleva gudsteneste med fokus på 2 åringar, så kom til Bogafjell imorgon! Her finn du krelande kyrkjelyd og levande liturgi!
Takk som byr, Torhild, men er framleis austpå