Gå til innhald

Gule blad på Blaafargeverket.

september 8, 2007

Septembersola ligg venleg over dei austlege deler av landet. I lag med Eva Mari og svigermor har eg hatt ein herleg haust-tur til Modum og Blaafargeverket. Sidan svigermor er godt over åtti, og helsa hennar har skranta litt, var det så kjekt å sjå henne i så god form, og slike dagar i lag med henne blir ekstra verdifulle.

Me har site ved eit steinbord i graset ved elvebreidda og ete Eva Mari sin gode kyllingsalat medan dei gode bjørkeblada regna venleg ned over oss. Kaffien henta frå kafeteriaen i ei stor kanne og me drakk han med andakt.

Utstillinga til Håkon Gullvaag stod i spennande kontrast til den andre utstillinga med Skagensmaleri og Carl Larsson. Etterpå såg me på Koboltblå glas medan eit brudepar og gjestene deira vart fotograferte like utanfor huset. Eg kom i ein vidløftig samtale med ein kunde som meinte at elgane av blått glas til å henga opp i eit vindu var skremmande lite naturtru i proporsjonane. Eg har ein tendens til å koma i surrealistiske samtalesituasjonar med lettare eksentriske personar… På heimvegen plukka me med oss kremmerhus med heimelaga drops, og kjøpte blåskjell og fylde krabbar på meny.

Etter første møtet i liturgikomiteen var eg litt usikker både på mi eiga rolle og på kva eg kunne få til å bidra med, men i går var det bare veldig fint å vera der. Å sitja ein heil dag og vega formuleringar mot einannan er definitivt noko for meg… Spennande å vera i lag med andre som blir like engasjerte av det som meg, og dei andre medlemmane er utruleg hyggelege menneske som eg gler meg til å bli endå betre kjend med. I går var ein norsk lyrikar, som eg aldri før har møtt innom i gruppa. nå gler eg meg til å kjøpa og lesa den siste diktsamlinga hans.

Då møtet var slutt dreiv eg litt omkring i gatene før eg kjøpte meg ein bukett haustfarga fresia og tok bussen ut til Eva Mari. Der fekk eg servert scampi i fennikelsaus med raud pesto og cherrytomatar. Over senga mi hang ein nysydd knallraud kjole med hekla mansjettar og krage og venta på meg. I dag vart eg vekt med varm kaffi på senga. Eg let meg overvelda…

I morgon har me tenkt å få med oss haustutstillinga før eg set meg på toget heim. Eg elskar den lange våren me har heime på vestlandet, men hausten som årstid gjer seg aller best på austlandet. Her er hausten klar og kjøleg med gule blad som blir hengande i vekevis. Heime bles og regnar det meste vekk i løpet av ei vekes tid.

Nå spelar dei musikk på fjernsynet frå Pavarotti si gravferd. Me skal slappa av litt på sofaen med laurdagsavisene før det blir skalldyraften i heimen.

På togturen heim får eg prøva å kjenna kva parti eg skal stemma på på måndag. Akkurat nå veit eg det faktisk ikkje…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    …nydelig – jeg er der sammen med dere innimellom…

  2. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    …nydelig – jeg er der sammen med dere innimellom…

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Heldige du som får ha «heilage haustopplevingar» saman med gilde familiefolk! – Og heldige dei som får ha Heidi i heimen!

  4. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Haustutstillinga vart det ingen ting av. Vi vandra rundt i Karl Johans gate og kosa oss i haustveret. Heidi sit no på toget og har heilt sikkert kome i kontakt med ein ellerannan. Takk for denne helga Heidi! Koseleg…

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk i like måte Eva Mari. Det vart litt brått på stasjonen sidan eg fekk så pass lita tid. Goe klem!

Kommenter innlegget