Gå til innhald

I eit telt på torget

september 16, 2007

var det gudsteneste i dag føremiddag. Regnet øste ned over teltet. Inne var det pynta med striesekker til alterduk, og poteter og blå blomar langs kanten av platformen. Her på våre kantar feirar me nemleg potetfestival i desse dagane… Eg tenkte då me sat der med regnet hamrande over plasthimmelen at me er eit merkeleg folkeslag.

Sunniva G dansa så tårene mine silte. Ho er venninne av Sunniva og kvar gong eg ser henne dansa er det eit eller anna som bare smeltar inni meg. Så fint å bruka dans som eit ledd i ei gudsteneste.

Mi eiga Sunniva og femti andre konfirmantar vart presenterte for kyrkjelyden. Dei gjekk ein og ein over den provisoriske og lett vaklande plattformen for å få bibel og ein blom kvar av kateketane. Det var høgtideleg og vakkert, og ute regna og regna det.

Etterpå reiste eg saman med Gerd inn på sjukehuset for å besøkja onkelen min som har fått slag. Det var trist ¨å sjå han så hardt medteken, men han var veldig klar for å kjempa seg på føtene att så han kunne få koma heim.

I dag har eg hatt mange små samtalar med forskjellige personar. Ein fellesnevnar i dei er at me må sila ut det som verkeleg er viktig i livet og halda det hardt fast.

“Lær oss å telja dagane våre så me kan få visdom i hjartet,” står det i Forkynnaren.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Dette fann eg i avisa i dag: «Blomen har skift farge, medan eg såg på det lange regnet – medan eg tenkte på korleis eg skulle leva» av Ono No Komachi som levde på 800 talet.

  2. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    No skal eg gå ut i regnet. God natt og god veke!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Så fint dikt! God natt og god veke til deg og. 🙂

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar