Gå til innhald

Min elskede jeg har en vise å synge

september 17, 2007

når fuglene flokkes og trekker mot sør… Eg trur det er slik det begynnar… I fleire dagar har brokkar av dette diktet svive rundt i hovudet mitt.

En kaldere årstid skal røre vår tinning… heiter det litt lenger nede i diktet, trur eg… Eg trur det er Einar Skjæråsen, eller kanskje Hartvig Kiran som har skrive det, men eg har ikkje klart å leita det fram.

Det ligg ein mollstemt tone og dirrar i dei første hauststormane og i dei mørke kveldane som pakkar seg rundt oss. Eg kjenner sorg etter sjukebesøket i går, og på vegne av dei som må forhalda seg til at livet tek svingar dei gjerne skulle ha sluppe å henga med i.

Me har vore på foreldremøte for konfirmantane. Neste september skal vesle Sunniva, som snart er vaksen jente bli konfirmert, og nå går ho inn i eit år med førebuingar: Me foreldre avslutta møtet med ei vandring i kyrkjeromet der me bar med oss ein stein som me seinare skulle gje slepp på. Ein annan stad tende me lys for ungane våre, eller ein annan person me tenkte på. Små telys vart tende på det store Kristuslyset og stod og blafra i det delvis mørklagde romet.

For fem somrar sidan, eller var det meir, var me i Paris. Eg tok med meg alle fire barna inn i Notre Dame. Eg kjende det var ei heilag stund og velsigna dei med ordlause bøner.

Nokre gonger kjennest det så rett å lena seg mot noko som er større…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    «Nokre gonger kjennest det så rett…..» Så samd eg er i det! Takk for lerketonar og spel i moll på denne bloggen. Det er så mykje å få med seg her, ordkunstnar.
    2. november 1997 fekk eg skrive ner tankane i eit lite dikt, – og sidan har desse orda fylgt meg, dag for dag, år for år:
    «Alle mine ord

    Når jeg ikke har flere
    ord igjen,
    da dør livet
    som en gang
    ble plantet inni meg

    Så lenge ordene
    strømmer på,
    ett for ett
    er jeg et levende tre
    i den store ordskogen

    I morgen eller i
    overmorgen, hvis noen
    skulle snuble over
    ett av mine ord
    blant alle trærne

    da ber jeg om
    nåde for bokstavene
    som så trofast
    har båret frem alle mine ord
    gjennom de fire årstiders
    skiftende vinder

    Av ord er du kommet
    Til ord skal du bli
    Av ordet skal du en gang
    gjenoppstå til nytt liv»

    Nokre gonger kjennest det så inderleg godt å kunna lena seg mot noko som er større..
    Takk igjen for alt du deler, Heidi!!!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Veldig fint dikt! Likte spesielt godt vers tre og fire. Kjenner meg godt igjen.

Legg att svar til Jarfeld Avbryt svar