Fest
med mange menneske. For Hilde har fylt femti år. Hipp hurra for Hilde.
Jan har kokt fiskesuppe. Fiskesuppe med raud farge og masse krydder, som eg tenkjer eg må få oppskrift på. Ein eller annan gong, det hastar ikkje.
Eg sit mellom Stein og Einar og er bord-dame, me et halve fylde krabbar med salat og oliven og heile nykokte reker.
Eg snakkar om bøkene til Magnus Malm mot venstre mot Einar, og om korleis det er å vera norsk i Tanzania til høgre mot Stein. Innimellom skålar me for jubilanten, som glitrar i svart kjole øverst ved bordet.
Snorre spelar keyboard, og Per Inge spelar gitar. Me syng mange songar. “Now ain`t it good to know that you`ve got a friend, when people can be so cold?” Eg tenkjar på for tjuefem år sidan då Torbjørn song den soongen frå scenen i aulaen på lærarskulen. Han hadde bart på den tida, hugsar eg. “You just call out my name, and you know wherever I am, I`ll come running to see you again…”
“You say that love is like a river…” Då Sindre var ca ti år, eller kan han ha vore tolv, song han The rose for oss på nyttårsfesten og spelte gitar. Eg vart mektig imponert og tenkte at det blir spennade å sjå korleis det går med den guten.
Seint utpå natta dansar me. “Brown girl in the ring shalalalala…” Det var den me nynna på då eg gjekk på gymnaset. “She looks like a sugar in a plum”.
“Don`t worry! Be happy!” spelar dei når festen er i ferd med å gå inn for landing og me ryddar glas. Eg spør om dei andre har sett den syngande batteridriven fisken på Eurospar, men han er det viss bare eg som har sett.
På veg heim dagen etter syng Åse Marie for oss i Mandal kyrkje i lag med skulen sin. Ho står der og strålar og syng afrikanske songar, og eg hugsar plutseleg at ho smilte på same måten då ho sat i vogna si og var baby. Presten i den kyrkja får stå i ein preikestol høgt, høgt oppe på veggen over altaret. Merkelege greier, og det er store tunge søyler rundt i det kvadratforma kyrkjeromet.
Her har arkitektane gått omtrent amok ein gong for ganske lenge sidan. Eg spør ei dame i kyrkjebenken kor gammal kyrkja er. Ho seier at det burde ho vita, men at det i alle fall, så vidt ho hugsar er den største trekyrkja i landet.
Etterpå serverer dei heimebakte rosinbollar og rettferdig kaffi i eingongskoppar utanfor kyrkja i lett haustregn.
Me kjører heim i lag. Kjærasten min, Per Inge, Heidi og eg. Heidi somnar av og til medan me snakkar og teier om einannan. Eg tenkjer at gamle venner er nå det beste eg har, og er trøytt nok til nesten å bli litt sentimental. På Vikeså kjøper me peanøter og les på eit oppslag på veggen på bensinstasjonen at mot å betala eit par tusen kroner kan ein få fram villkvinnen i seg sjølv. Ein kan sova i lavvo ute på heia ein stad, og samstumdes få massasje, healing og livsveiledning.
Medan me les plakaten kjem ein mann ut frå toalettet med ei lang stripe dopapir hengande etter den eine foten.
Eg snakkar med Odd Christian i telefonen, og han seier at han kjem heim onsdag kveld.
Ei helg er i ferd med å takka for seg. Eg takkar eg og.
Heidi
Du formidler så jeg føler det er meg som opplever 🙂
Du har en egen evne der 🙂
Love ya sis – always 🙂
Du formidler så jeg føler det er meg som opplever 🙂
Du har en egen evne der 🙂
Love ya sis – always 🙂
Du formidler så jeg føler det er meg som opplever 🙂
Du har en egen evne der 🙂
Love ya sis – always 🙂
Og ein vakker ting kan vel ikkje seiast for ofte? Lukka er å få tre kommentarar på ein gong. Eg veit ikkje korleis eg tek vekk ein kommentar, så den trefaldige kjærleiksærklæringa skal få lov til å stå der og varma sjela mi enn så lenge… 🙂
Love you too.
sa du ifrå til do-papir mannen?
Borghild: Nei, eg må innrømma at eg ikkje gjorde det. Eg kom så på låtten at eg torde ikkje prøva…
Me har ein slik Eurospar-fisk…..
Ja, det var hos deg eg såg han første gongen. Gave frå Kirsti? Don`t worry, be happy…